Judges 13NO1938N

1Men Israels-borni gjorde atter det som var Herren imot. Då let han filistarane få makt yver dei i fyrti år.

2Det var ein mann av Dans-ætti som heitte Manoah. Han budde i Sora. Kona hans var ikkje barnkjømd; ho hadde aldri ått barn.

3Og Herrens engel synte seg for kona og sa: Kjære, eg veit at du er ikkje barnkjømd og aldri hev ått barn; men du skal verta umhender og eiga ein son.

4Akta deg no og drikk ikkje vin eller sterk drykk og et ikkje noko ureint!

5For no vert du umhender og fær ein son; på hans hovud må det aldri koma rakekniv; for sveinen skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og han skal gjera upptaket til å berga Israel frå filistarane.

6So kom kona og sa til mannen sin: Det kom ein gudsmann til meg; han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg; men eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.

7Han sa til meg: Du skal verta umhender og eiga ein son; drikk no ikkje vin eller sterk drykk og et ikkje noko ureint! For sveinen skal vera ein Guds nasirear frå morsliv og til sin døyande dag.

8Då bad Manoah til Herren og sa: Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss korleis me skal fara med det barnet som skal koma til verdi!

9Og Gud høyrde Manoahs bøn, og Guds engel kom att til kona ein gong ho sat utpå marki, og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.

10Då sprang ho svint heim og fortalde det til mannen sin og sa: No hev han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her um dagen.

11Manoah reiste seg og fylgde kona si, og då han kom til mannen, spurde han: Er du den mannen som hev tala til kona mi? Han svara: Ja.

12Manoah sa: Når det no gjeng fram det som du sa, korleis skal me då stella oss med sveinen, og korleis skal me fara med han.

13Då svara Herrens engel: Alt det eg nemnde for kona, lyt ho akta seg for.

14Ho må ikkje eta noko som kjem av vintreet, og ikkje drikka vin eller sterk drykk og ikkje eta noko ureint; alt det eg hev sagt til henne, lyt ho halda seg etter.

15Då sa Manoah: Kann du ikkje bia eit bel, so me fær stella til eit kje for deg!

16Men Herrens engel svara: Um eg biar, so et eg like vel ikkje av maten din. Men vil du laga til eit brennoffer, so ofra det til Herren! For Manoah visste ikkje at det var Herrens engel.

17Då sa Manoah til Herrens engel: Kva er namnet ditt? - so me kann få æra deg når det hender, det som du hev sagt.

18Kvi spør du um namnet mitt? - Det er eit underleg namn!

19So tok Manoah kjeet og matofferet og ofra det på berget til Herren. Då hende det eit stort under, so Manoah og kona hans såg på det;

20Då logen steig upp frå altaret mot himmelen, då for Herrens engel upp i altarlogen. Då Manoah og kona hans såg det, kasta dei seg å gruve på jordi.

21Herrens engel synte seg ikkje oftare for Manoah og kona hans; då skyna Manoah at det var Herrens engel,

22og han sa til kona si: No lyt me døy; for me hev set Gud!

23Men kona svara: Hadde Herren havt hug til å drepa oss, so hadde han ikkje teke imot brennoffer og matoffer av oss, og me hadde ikkje fenge set alt dette og ikkje fenge høyrt slikt som det me høyrde no.

24Då det leid på, fekk kona ein son og kalla han Samson. Guten voks upp, og Herren velsigna han.

25Det var i Danslægret millom Sora og Estaol Herrens Ande fyrst tok til å driva han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Judges 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.