Joshua 5NO1938N

1Alle amoritarkongane vestanfor Jordan og alle kana'anitarkongane utmed havet vart reint vitskræmde då det spurdest at Herren hadde turka ut Jordan for Israels-borni medan me for yver, og dei torde ikkje lenger tenkja på å møta Israels-borni.

2I det same belet sa Herren til Josva: Gjer deg steinknivar og umskjer Israels-borni att!

3So gjorde Josva seg steinknivar og umskar Israels-borni attmed Ha'aralothaugen.

4Men at Josva laut umskjera dei, det hadde seg so: Alt folket som for frå Egyptarland, alle karar, alle våpnføre menner, hadde døytt burt i øydemarki på vegen frå Egyptarland.

5No var alle dei som for frå Egyptarland, umskorne, men av dei som vart fødde på ferdi i øydemarki, var ingen umskoren.

6For i fyrti år laut Israels-borni ferdast i øydemarki, til dess heile folket, alle våpnføre menner som for frå Egyptarland, hadde døytt burt; dei vilde ikkje lyda Herrens ord, difor svor han dei til at dei ikkje skulde få sjå det landet han hadde lova federne deira å gjeva oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.

7Men i staden for dei let han borni deira veksa upp; dei var det Josva umskar; for dei gjekk endå med huvehold, av di dei ikkje hadde vorte umskorne på ferdi.

8Då dette var frå seg gjort, og heile folket var umskore, heldt dei seg i ro i lægret til såri hadde batna.

9Og Herren sa til Josva: I dag hev eg velt av dykk egyptarskammi. Sidan hev den staden vore kalla Gilgal alt til denne dag.

10Medan Israels-borni låg i læger attmed Gilgal, heldt dei påske på Jerikomoane den fjortande dagen i månaden, um kvelden.

11Og dagen etter påske åt dei av landsens grøda; usyrt brød og steikte aks åt dei den dagen.

12Same dagen traut manna; for no åt Israels-borni av landsens grøda, og sidan fekk dei ikkje meir manna, men tok same året til å eta av det som var avla i Kana'anslandet.

13Medan Josva var innmed Jeriko, hende det han noko: Best som han lyfte upp augo, vart han var ein mann som stod beint framfyre han med eit drege sverd i handi. Då gjekk Josva burt til mannen og sa: Er du av våre folk, eller høyrer du til fienden?

14Han svara: Nei, eg er hovdingen yver Herrens her. No er eg komen. Josva fall på kne og bøygde seg til jordi og sa: Kva hev herren min å segja tenaren sin?

15Då svara hovdingen yver Herrens her: Drag skoen av foten din! For den staden du stend på, er heilag. Og Josva gjorde so.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Joshua 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.