1Ættefederne åt levitane gjekk fram for Eleasar, presten, og Josva Nunsson og ættefederne åt Israels-borni
2og tala soleis til dei i Silo i Kana'anslandet: Moses kom med det bodet frå Herren at me skulde få byar til å bu i med beitemarker ikring åt feet vårt.
3Og Israels-borni gjorde som Herren hadde sagt, og gav levitane av sitt eige land dei byane me snart skal nemna, med beitemarkene som låg ikring.
4Då dei no kasta lut, fall den fyrste luten på Kahats-ættene; dei levitane som var ætta frå Aron, presten, fekk trettan byar hjå Juda-ætti og Simeons-ætti og Benjamins-ætti,
5og dei andre Kahat-borni fekk for sin lut ti byar hjå Efra'ims ættgreiner og Dans-ætti og den eine helvti av Manasse-ætti.
6Gersons-borni fekk for sin lut trettan byar hjå Issakars ættgreiner og Asers-ætti og Naftali-ætti og den helvti av Manasse-ætti som var i Basan.
7Merari-borni og ættgreinene deira fekk tolv byar hjå Rubens-ætti og Gads-ætti og Sebulons-ætti.
8Desse byane med beitemarkene som høyrde til, gav Israels-borni åt levitane, soleis som Moses hadde sagt dei frå Herren, og let dei kasta lut um dei.
9I Judafylket og Simeonsfylket gav dei frå seg dei byane som me no skal nemna ein for ein:
10det var Arons-sønene av Levi-ætti, Kahat-greini, som fekk dei; for dei fall den fyrste luten på.
11Dei fekk den byen i Judafjelli som heitte etter Arba, ættefaren åt anakitane, og som me no kallar Hebron, med beitemarkene som låg rundt ikring;
12men åkerlandet og gardane som høyrde til byen, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eiga.
13Dei som var ætta frå Aron, presten, fekk i desse tvo fylki både Hebron, som var fristad for dråpsmenner, og Libna
14og Jattir og Estemoa
15og Holon og Debir
16og A'in og Jutta og Bet-Semes, ni byar med beitemarkene som høyrde til,
17og i Benjaminsfylket Gibeon og Geba
18og Anatot og Almon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.
19Soleis fekk Arons-sønene, prestane, i alt trettan byar med beitemarker attåt.
20No skal me nemna dei byane som fall på dei andre Kahats-borni, dei levitiske Kahats-ættene: Dei fekk i Efra'imsfylket
21Sikem, som var fristad for dråpsmenner, i Efra'imsfjelli og Geser
22og Kibsa'im og Bet-Horon, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
23og i Dansfylket Elteke og Gibbeton
24og Ajalon og Gat-Rimmon, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
25og i det eine halve Manassefylket Ta'anak og Gat-Rimmon, tvo byar med beitemarkene som høyrde til.
26Det var i alt ti byar med beitemarker attåt som dei hine greinene av Kahats-ætti fekk.
27Levitane av Gerson-greini fekk i det andre halve Manassefylket Galon i Basan, ein av fristadene for dråpsmenner, og Be'estera, tvo byar med beitemarkene som høyrde til,
28og i Issakarsfylket Kisjon og Daberat,
29Jarmut og En-Gannim, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
30og i Asersfylket Misal og Abdon
31og Helkat og Rehob, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
32og i Naftalifylket Kedes i Galilea, ein av fristadene for dråpsmenner, og Hammot-Dor og Kartan, tri byar med beitemarkene som høyrde til.
33Soleis fekk gersonitane og ættgreinene deira i alt trettan byar med beitemarker attåt.
34Dei som var att av levitane, Merari-borni og ættgreinene deira, fekk i Sebulonsfylket Jokneam og Karta
35og Dimna og Nahalal, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
36og i Rubensfylket Beser og Jahsa,
37Kedemot og Mefa'at, fire byar med beitemarkene som høyrde til,
38og i Gadsfylket Ramot i Gilead, ein av fristadene for dråpsmenner, og Mahana'im
39og Hesbon og Jaser, fire byar med beitemarkene som høyrde til.
40Det var i alt tolv byar som fall på dei siste Levi-ættene, Merari-borni og ættgreinene deira.
41Alt i alt fekk levitane i odelslandet åt Israels-borni åtte og fyrti byar med beitemarker attåt.
42Desse byane hadde kvar sine beitemarker ikring seg; so var det med dei alle.
43Soleis gav Herren Israel heile det landet som han hadde lova at han vilde gjeva federne deira, og dei eigna det til seg og busette seg der.
44Og Herren let dei hava fred på alle leder, heiltupp soleis som han hadde lova federne deira. Ingen av alle uvenene deira kunde standa seg imot dei; Herren gav alle fiendar i deira hender.
45Ikkje eit einaste av alle dei gode ordi Herren hadde tala til Israels hus, vart um inkje; alt saman gjekk fram.