Joshua 17NO1938N

1So fekk Manasse-ætti sin lut; for Manasse var eldste son åt Josef. Makir, eldste son åt Manasse og far åt Gilead, var ein gjæv stridsmann; difor fekk han Gilead og Basanlandet.

2Dei andre Manasse-borni fekk og land, kvar ættgrein for seg: borni åt Abieser og borni åt Helek og borni åt Asriel og borni åt Sekem og borni åt Hefer og borni åt Semida; det var borni åt Manasse, son åt Josef, og ættgreinene deira på mannssida.

3Men Selofhad, son åt Hefer, som var son åt Gilead og soneson åt Makir, son åt Manasse, hadde ingi søner, berre døtter; og døtterne heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa.

4Dei gjekk fram for Eleasar, presten, og Josva Nunsson og hovdingane og sa: Herren sa til Moses at han skulde gjeva oss odelsjord tilliks med brørne våre. So fekk dei odelsjord tilliks med farbrørne sine, soleis som Herren hadde sagt.

5Det var ti partar som fall på Manasse, umfram Gilead- og Basanlandet på hi sida Jordan;

6for døtterne åt Manasse fekk odel tilliks med sønene hans. Men Gileadlandet hadde dei andre Manasse-borni fenge.

7Fylkesdeilet åt Manasse gjekk frå Aser til Mikmetat, som ligg midt for Sikem; so tok bytestrengen til høgre til En-Tappuahgrendene.

8Manasse fekk Tappuahbygdi; men Efra'im-borni fekk byen; han låg tett innåt Manasseskiftet.

9So gjekk fylkesdeilet ned til Kanabekken, på sudsida av bekken; men byane der fekk Efra'im, endå dei låg millom Manassebyane. Sidan gjekk fylkesdeilet åt Manasse på nordsida av bekken, til det enda utmed havet;

10Efra'im fekk det som var sunnanfor, og Manasse det som var nordanfor. So var havet grensa, og sidan skifte dei med Aser i nord og med Issakar i aust.

11I Issakarsfylket og i Asersfylket fekk Manasse Bet-Sean med grendene ikring og Jibleam med grendene ikring og Dor med grender og bygder og En-Dor med grender og bygder og Ta'anak med grender og bygder og Megiddo med grender og bygder, alt som låg under dei tri høgdene.

12Men Manasse-borni vann ikkje taka desse byane, og kana'anitane fekk tak til å halda seg der i landet.

13Då Israels-borni vart sterkare, nøydde dei kana'anitane til å træla for seg, men dreiv dei ut gjorde dei ikkje.

14Josefs-borni kom til Josva og sa: Kvi hev du gjeve oss berre ein lut til odel og eiga? Me er då eit mannsterkt folk, etter di Herren til dessa hev velsigna oss.

15Då sa Josva til dei: Er de so fjølmente, so gakk upp i skogen og ryd dykk jord der i Ferisit- og Refa'itlandet, sidan Efra'imsheidi er for trong for dykk.

16Josefs-borni svara: Heidi rekk ikkje til for oss, og alle kana'anitane som bur i dalbygdene, hev jarnvogner, både dei i Bet-Sean og grendene der ikring og dei i Jisre'eldalen.

17Då sa Josva til Josefs-ætti, Efra'im og Manasse: Mykje folk hev du, og sterk er du! Du skal få meir enn ein lut.

18Men det er ei fjellbygd du fær; det er skog der, og den lyt du hogga, og landet skal vera ditt til ytste endane; for kana'anitane skal du driva ut, endå dei hev jarnvogner, og endå dei er sterke.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Joshua 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.