1Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!
2I huset åt Far min er det mange rom; var det ikkje so, hadde eg vel då sagt dykk det; for eg gjeng burt og vil stella til ein verestad åt dykk.
3Og når eg hev gjenge burt og stelt til ein verestad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, so de og skal vera der eg er.
4Og vegen dit eg gjeng, den veit de.
5Tomas segjer til han: Herre, me veit ikkje kvar du gjeng av; korleis kann me då vita vegen?
6Jesus svarar: Eg er vegen og sanningi og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjenom meg.
7Hadde de kjent meg, so hadde de kjent Far min og, og frå denne stund kjenner de han og hev set han.
8Filip segjer til han: Herre, lat oss få sjå Faderen, so hev me nok!
9Jesus svarar: No hev eg vore so lang ei tid i hop med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som hev set meg, hev set Faderen; korleis kann du då segja: Lat oss få sjå Faderen?
10Trur du ikkje at eg er i Faderen, og Faderen er i meg? Dei ordi eg talar til dykk, talar eg ikkje av meg sjølv; men Faderen, som bur i meg, han er det som gjer sine verk.
11Tru meg at eg er i Faderen, og Faderen er i meg! Um ikkje det, so tru meg for sjølve verki skuld!
12Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur på meg, han skal gjera dei same verki som eg gjer, og han skal gjera større verk enn dei. For eg gjeng til Faderen,
13og alt de bed um i mitt namn, det skal eg gjera, so Faderen kann verta herleggjord i Sonen.
14Bed de meg um noko i mitt namn, so skal eg gjera det.
15Elskar de meg, so held de bodi mine;
16då skal eg beda Faderen, og han skal gjeva dykk ein annan målsmann, som skal vera hjå dykk i all æva,
17Sannings-Anden, som verdi ikkje kann få, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. De kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera inni dykk.
18Eg vil ikkje lata dykk vera att åleine som foreldrelause born; eg kjem til dykk.
19Um ei liti stund ser verdi meg ikkje lenger; men de ser meg; for eg lever, og de skal leva.
20Den dagen skal de skyna at eg er i Far min, og de er i meg, og eg i dykk.
21Den som hev bodi mine og held dei, han er den som elskar meg, og den som elskar meg, han skal Far min elska, og eg skal elska han og openberra meg for han.
22Judas - ikkje Iskariot - segjer til han: Herre, korleis hev det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verdi?
23Jesus svara so: Um nokon elskar meg, held han seg etter ordet mitt, og Far min skal elska han, og me skal koma til han og taka vår bustad hjå han.
24Den som ikkje elskar meg, held seg ikkje etter ordi mine; og ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Far min's, som sende meg.
25Dette hev eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk.
26Men målsmannen, den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg hev sagt dykk.
27Fred leiver eg åt dykk, min fred gjev eg dykk; eg gjev dykk ikkje fred på den måten som verdi gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast og ikkje reddast!
28De høyrde eg sa til dykk: Eg gjeng burt og kjem til dykk att. Elska de meg, so gledde de dykk for di eg gjeng til Faderen; for Faderen er større enn eg.
29Og no hev eg sagt dykk det fyrr det hev hendt, so de skal tru når det hender.
30Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for no kjem hovdingen yver verdi. I meg eig han ingen ting,
31men so verdi skal sjå at eg elskar Faderen og gjer so som han hev sagt til meg - reis dykk, og lat oss ganga herifrå!