1Og Herren svara Job or stormen og sa:
2Kven er vel han som gjer mi rådgjerd myrk med ord som reint er utan skyn?
3Vel, spenn no beltet på deg som ein mann! So vil eg spyrja deg, og du skal læra meg.
4Kvar var du då eg grunna jordi? Seg fram, um du hev greida på det!
5Kven sette måli hennar? Veit du det? Kven spana mælesnor ut yver henne?
6Seg, kvar vart hennar stolpar feste? Kven la vel hennar hyrnestein,
7med' alle morgonstjernor jubla, alle Guds søner ropa høgt av frygd?
8Kven stengde havet inn med dører, då det braut fram og kom or morslivet,
9den gong eg klædde det med skyer og sveipte det i myrkeskodd
10og merkte av ei grensa åt det og sette både bom og dører
11og sa: Hit kjem du, ikkje lenger, her skal dei stogga, dine byrge bylgjor?
12Kalla du nokosinne dagsprett fram, synte du morgonroden staden hans,
13so han tok tak i jardane åt jordi, og dei ugudlege vart riste av?
14Då tek ho form som leiret under seglet, og allting ter seg greinleg som ein klædnad;
15då misser dei ugudlege sitt ljos, den arm som lyfte seg, vert knasa.
16Kom du vel fram til havsens kjeldor, og gjekk du kring på djupsens botn?
17Hev daudsens portar synt seg for deg, ja, såg du daudeskuggens portar?
18Såg du utyver viddene på jordi? Kjenner du alt i hop, so lat oss høyra!
19Kvar er vel vegen dit som ljoset bur? Og myrkret - kvar hev det sin heim,
20so du kann henta det til riket der det råder og kjenna stigane til huset det held til i?
21Du veit det vel; du vart då fødd den gongen, og dagetalet ditt er stort.
22Tru du hev vore der som snøen kjem frå, hev set dei forrådshus der haglet ligg,
23som eg hev spart til trengsletidi, den dag som kjem med kamp og krig?
24Kva veg fer ljoset når det deiler seg, og austanvinden når han spreider seg på jordi?
25Kven opna rennor, tru, for regnet og brøytte veg for eldingen,
26so det fekk regna i eit land der ingen bur, ei øydemark der inkje menneske held til,
27so aude heidi kunde mettast og graset renna upp or grunnen?
28Skal tru um regnet hev ein far? Kven avla vel doggdropane?
29Kva morsliv kom vel isen or, kven trur du åtte himmel-rimet?
30Sjå, vatnet hardnar liksom stein, og havsens flata stivnar til.
31Sjustjerne-bandet - kann du knyta det? Orions lekkjor - kann du løysa dei?
32Kann du få Dyrering-bileti fram i rette tid, og Bjørnen og hans ungar - kann du styra deira gang?
33Kjenner du himmel-lovene? Og skipar du hans velde yver jordi?
34Kann røysti di nå upp til skyi, so vatnet fløymer yver deg?
35Kann du vel senda ljoni, so dei fer av stad, og svarar dei deg: Ja, her er me?
36Kven hev lagt visdom i dei myrke skyer, kven hev lagt vit i luftsynet?
37Kven tel vel skyene med visdom, og himmel-hitane - kven tømer dei,
38når mold renn saman til ein deig, jordklumpar kleimer seg i hop?