Job 31NO1938N

1Eg hadde gjort ei pakt med augo mine; eg skulde ikkje skygna etter nokor møy.

2Kva lut laut eg vel elles få av Gud i himmelen, eller kva arv av den Allmektige der uppe?

3Kjem ikkje uferd yver udådsmann, ulukka yver illgjersmenner?

4Ser ikkje han kvar mine vegar gjeng, og tel han ikkje alle mine steg?

5Um eg hev fare fram med fals, hev foten vore snar til svik

6- Gud vege meg på rettferds vekt, so skal han sjå at eg er skuldlaus -

7hev mine steg krøkt av frå vegen, hev hjarta gjenge etter augo, og finst det flekk på mine hender,

8lat då ein annan eta det eg sådde, lat det eg planta, rivast upp med rot!

9Let hjarta mitt seg dåra for ei kvinna skuld, og hev eg lurt ved døri åt min næste,

10so gjev mitt viv lyt mala for ein annan, og andre menner bøygje seg utyver henne!

11For sovore er skjemdarferd, ei misgjerd som fortener refsing;

12det er ein eld som tærer radt til avgrunns; han skulde øyda all mi eiga.

13Krenkte eg retten åt min træl og mi trælkvinna, um so var at dei hadde nokor tretta med meg?

14Kva skulde eg vel gjera då um Gud reis upp, kva skulde eg vel svara um han granska saki?

15Hev ikkje han som skapte meg i morslivet, skapt ogso dei, og hev ikkje den same laga oss i morsfanget?

16Hev eg sagt nei til fatigfolk som bad, og late enkje-augo tærast burt?

17Hev eg vel ete brødet mitt åleine, so den farlause inkje fekk av det?

18Nei, frå min ungdom voks han upp hjå meg som hjå ein far, og henne tok eg alt frå morslivet i hand og leidde.

19Kunde eg sjå ein stakkar utan klæde eller ein fatig utan yverplagg?

20Laut ikkje lendene hans signa meg, når han fekk verma seg med ull av mine sauer?

21Hev eg lyft handi mot den farlause, av di eg visste retten gav meg medhald?

22Gjev då mi herd lyt losna or sin led, og gjev min arm lyt brotna frå si skål!

23For eg var ovleg redd Guds straff, og mot hans velde vann eg inkje.

24Hev eg vel sett mi von til gullet og kalla gullklumpen mi tiltru?

25Gledde eg meg av di min rikdom auka, av di mi hand vann meg so mykje gods?

26Når eg såg solljoset, korleis det stråla, og månen der han skreid so herleg fram,

27vart hjarta då i løyndom dåra, so eg med handkyss hyllte dei?

28Nei, det og hadde vore misgjerd som fortente straff; for dermed neitta eg då Gud der uppe.

29Hev eg vel gledt meg når det gjekk min uven ille, og jubla når ulukka råma han?

30Nei, eg gav ikkje munnen min lov til å synda og banna han og ynskja at han måtte døy.

31Og lyt ikkje mitt husfolk vitna at alle fekk sin mette ved mitt bord?

32Ein framand turvte aldri liggja utanfor mitt hus um natti; eg opna dørene for ferdamannen.

33Hev eg løynt mine synder, slik som folk plar gjera, og dult mi misgjerd i min barm,

34av di eg fælte for den store hopen, var redd vanvyrdnaden frå gjæve ætter, so eg gjekk still og heldt meg innum dører?

35Å, um eg hadde ein som vilde høyra på meg! Sjå, her er underskrifti mi, lat den Allmektige no svara meg! Å, um eg hadde skrifti som min motpart hev sett upp!

36Då tok eg henne visst og sant på oksli, eg feste henne på mitt hovud som ei kruna;

37eg svara han for alle mine steg, og som ein fyrste steig eg fram for han.

38Dersom min åker klagar meg, og alle foror på han græt,

39åt eg hans grøda utan vederlag, og bles eg livet ut for eigarmannen,

40so lat det veksa klunger der for kveite, og ugras der eg sådde bygg! / Her endar Jobs tale.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 31.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.