Job 27NO1938N

1Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:

2So sant Gud lever, han som tok min rett ifrå meg, den Allmektige, som valda meg so beisk ei sorg

3- for endå hev eg all min livspust i meg, og anden ifrå Gud er i mi nos -:

4Lippone mine talar ikkje urett, og tunga talar ikkje svik.

5Det hender aldri at eg gjev dykk rett! Ti dess eg andast, gjev eg ikkje upp mi uskyld.

6Mi rettferd held eg fast og slepper henne ikkje; ingen av mine dagar lastar hjarta mitt meg for.

7Lat fienden min standa der som ein ugudleg, min motmann som ein urettferdig!

8For hev vel den gudlause nokor von, når Gud skjer av hans liv og tek hans sjel ifrå han?

9Vil Gud vel høyra skriket hans når trengsla kjem innyver han?

10Kann han vel gleda seg i den Allmektige, kann han til kvar tid kalla på sin Gud?

11No vil eg læra dykk um Guds hand; eg dyl ikkje kva den Allmektige hev tenkt.

12De hev då alle set det sjølve; kvi talar de då slike tome ord?

13Høyr her kva lut ein gudlaus fær av Gud, kva arv ein valdsmann fær av den Allmektige:

14Um han fær mange born - åt sverdet er dei etla; hans ættingar fær ikkje brød so dei kann mettast.

15Dei som slepp undan, legst i grav ved pest, og enkjone held ingi syrgjehøgtid etter dei.

16Dungar han sylv i hop som dust og samlar klæde liksom leir,

17so vert det dei rettferdige som klæder seg med det han samla, og sylvet skal dei skuldlause få skifta.

18Som molen hev han bygt sitt hus, likt hytta som ein vaktar lagar.

19Rik legg han seg, og ingen ting er teke; men når han opnar augo, er det burte.

20Liksom ein flaum skal redslor nå han att, um natti vert han riven burt av stormen.

21Han fer av stad, lyft upp av austanvinden; den blæs han burt frå staden hans.

22Gud sender sine piler mot han utan miskunn; for handi hans flyr han i hast.

23Hædande klappar dei i hender og pip han burt frå staden hans.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.