1Fly, de Benjamins-born, ut or Jerusalem, og blås i her-lur i Tekoa, og reis upp eit merke yver Bet-Hakkerem! For ei ulukka trugar nordantil med stor øydeleggjing.
2Den fagre og kjælne, Sions dotter, henne tyner eg.
3Til henne skal hyrdingar koma med hjordene sine; dei slær upp tjeld imot henne rundt ikring, dei beiter av kvart sitt stykke.
4Vigsla dykk til strid mot henne! Statt upp og lat oss draga upp høgst å dag! Usæle me! For det lid på dagen, og kveldskuggane lengjest.
5Statt upp og lat oss draga upp um natti, og lat oss leggja hennar slott i øyde!
6For so segjer Herren, allhers Gud: Hogg tre og kasta upp ein voll mot Jerusalem! Det er byen som skal verta heimsøkt; han er fullsett med valdsferd all igjenom.
7Som brunnen let vatn vella fram, soleis let han sin vondskap vella fram; valdsverk og tjon høyrest der, sår og slag er stødt framfor mi åsyn.
8Lat deg segja, Jerusalem, so mi sjel ikkje skal venda seg frå deg, so eg ikkje skal gjera deg til ei audn, til eit ubygt land.
9So segjer Herren, allhers Gud: Ei attpå-sanking, liksom på eit vintre, skal dei halda på det som er att av Israel. Rett ut handi di, uppatt og uppatt, liksom druvesankaren til rankane.
10Kven skal eg tala til og vitna for, so dei høyrer? Sjå, øyra deira er u-umskore, so dei ikkje kann gjeva gaum; sjå, Herrens ord hev vorte til spott bland dei, dei likar det ikkje;
11men eg er full av Herrens harm, eg er trøytt av å halda han inne. Renn han ut yver barnet på gata og yver heile ungdomsflokken! Ja, mann som kvinna skal han råma, den gamle med den utgamle,
12og husi deira skal koma i annan manns eige, deira jorder og konor like eins; for eg vil retta ut mi hand mot dei som bur i landet, segjer Herren.
13For både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning; både profet og prest, kvar ein fer med svik,
14og dei fer lettvint åt med å lækja mitt folks skade, med di dei segjer: Fred, fred! endå det ingen fred er.
15Dei skal standa til skammar, for dei hev gjort stygge ting. Dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast; difor skal dei falla med dei som fell; på den tid eg heimsøkjer dei, skal dei snåva, segjer Herren.
16So sa Herren: Statt på vegane og sjå etter, og spør etter dei gamle stigane, spør kvar vegen til det gode er, og ferdast på den! So skal de finna kvild for sjelene dykkar. Men dei sa: Me vil ikkje ferdast på han.
17Og eg sette vaktmenner yver dykk og sa: Lyd vel etter lurljomen! Men dei sa: Me vil ikkje lyda etter.
18Difor høyr, de heidningefolk, og vit, du lyd, kva som hender hjå dei!
19Høyr, du jord: Sjå, eg fører ulukka yver dette folket, den grøda deira meinråder hev bore; for dei hev ikkje gjeve gaum etter mine ord, og mi lov hev dei vanda.
20Kva skal eg med røykjelse frå Sjeba og med den beste kalmus frå eit land langt burte? Brennofferi dykkar er ikkje til hugnad for meg, og slaktofferi dykkar vil eg ikkje hava.
21Difor segjer Herren so: Sjå, eg legg støytesteinar for dette folket, og både feder og born skal snåva på dei; granne med granne skal verta tynt.
22So segjer Herren: Sjå, eit folk kjem frå landet i nord, eit stort folk tek ut frå utkanten av jordi.
23Um boge og spjot held dei traust; illharde er dei og sparer ingen; røysti deira marmar som havet, og på hestar kjem dei ridande, budde som hermenner, mot deg, du Sions dotter!
24Me hev fenge fretnader um det, maktstolne seig våre hender; me tok fæla, fekk flagor som kvinna i føderider.
25Gakk ikkje ut på marki og ferdast ikkje på vegen! For fienden hev sverd, det er redsla rundt ikring.
26Du mitt folks dotter! Sveip deg i sekk og velt deg i oska, set i syrgjelæte som yver einaste barnet, øya deg sårt! For brått kjem tynaren yver oss.
27Eg hev sett deg til ransakar hjå mitt folk, til ei fast borg, so du skal kjenna og ransaka deira veg.
28Alle saman er dei fråfalne og stridige; dei gjeng og baktalar, dei er kopar og jarn; alle saman fer dei med tyning og tjon.
29Smidjebelgen er uppbrend av elden, blyet er upptært; til fåfengs hev all smeltingi vore, og dei vonde er ikkje utskilde.
30«Sylv som er vanda» kallar dei dei