1So segjer Herren: Sjå, eg vekkjer eit skadever imot Babel og imot dei som bur i Leb-Kamai.
2Og eg sender framande mot Babel, og dei skal dryfta det og tøma landet; for dei skal setja på det frå alle leider på ulukke-dagen.
3Mot den som spenner boge, skal bogeskyttaren spenna bogen sin, og mot den som briskar seg i brynja; spar ikkje sveinane i landet, bannstøyt heile heren der!
4Då skal daudslegne menner falla i Kaldearlandet, og stungne menner på gatone.
5For Israel og Juda er ikkje enkjor, gløymde av sin Gud, Herren, allhers Gud, endå landet deira er fullt av skuld mot Israels Heilage.
6Fly ut or Babel, kvar og ein berge sitt liv, so de ikkje tynest ved Babels misgjerning! Ei hemne-tid er det for Herren; han gjev Babel lika for det som det hev gjort.
7Babel var eit gullstaup i Herrens hand, som gjorde all jordi drukki; av vinen i det drakk folki, difor bar folki seg som galne.
8Dåtteleg datt Babel og vart krasa; barma dykk yver det, henta balsam for pinsla det lid, kann henda det kunde verta lækt.
9Me hev vilja lækja Babel, men det let seg ikkje lækja. Skil lag med det, so me kann fara kvar til sitt land! For domen yver det rekk upp til himmelen og når radt upp i skyene.
10Herren hev late vår rettvise sak koma upp i ljoset; kom, lat oss fortelja i Sion Herrens, vår Guds verk!
11Gjer pilene blanke, grip skjoldane! Herren hev vekt upp åndi åt medarkongane; for mot Babel hev han vendt sine tankar, han vil øydeleggja det; for det er Herrens hemn, hemnen for templet hans.
12Reis hermerke mot Babel-murane, haldt sterk vakt, set ut vaktmenner, legg folk i løynlega! For Herren hev både tenkt ut og set i verk det han hev tala mot Babel-buane.
13Du som bur attmed mykje vatn, du som er rik på skattar! Din ende er komen, målet for di vinning er fullt.
14Herren, allhers Gud, hev svore ved seg sjølv: Endå eg hev fyllt deg med menneske som engsprettor i mengd, skal det like vel lyftast fagnadsrop yver deg.
15Det var han som skapte jordi med si kraft, som grunnfeste jordheimen med sin visdom og spana ut himmelen med sitt vit.
16Med sin toredun fær han vatni i himmelen til å dynja; han let eim stiga upp frå enden av jordi, sender eldingar med regn og fører vind ut or gøymslene sine.
17Kvar ein mann stend klumsa og hev ikkje vit på det; kvar ein gullsmed lyt skjemmast av bileti sine, dei støypte bileti hans er lygn, og det er ingi ånd i dei.
18Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med dei.
19Men han som er Jakobs arvlut, er ikkje lik dei; for det er han som hev skapt alle ting og den ætt som er odelen hans; Herren, allhers Gud, er namnet hans.
20Du er hamaren min, stridsvåpnet mitt; med deg krasar eg folkeslag, og med deg øyder eg kongerike;
21med deg krasar eg hest og ridar, og med deg krasar eg vogn og køyrar;
22med deg krasar eg mann og kvinna, og med deg krasar eg gamal og ung, svein og møy;
23med deg krasar eg hyrding og hjord, og med deg krasar eg pløgjaren og uksane hans, og med deg krasar eg jarlar og landshovdingar.
24Men no gjev eg Babel og alle som bur i Kaldea, lika for alt vondt som dei hev gjort Sion, framfor augo dykkar, segjer Herren.
25Sjå, eg kjem yver deg, du Tyningsfjell, segjer Herren, du som tyner all jordi, og vil retta ut handi ut imot deg og velta deg ned frå hamrane og gjera deg til eit utbrent fjell.
26Av deg kann ein då korkje taka hyrnestein eller grunnstein. Men til ævelege audner skal du verta, segjer Herren.
27Reis hermerke i landet, blås i lur millom folki, vig folkeslag til strid imot det, byd ut imot det kongeriki Ararat, Minni og Askenas, set inn herhovdingar imot det, før fram hestar som bustute engsprettor!
28Vig folkeslag til strid imot det, kongane i Media, jarlane og alle landshovdingane der og heile det land han råder yver!
29Då dirrar jordi og bivrar; for no vert Herrens tankar mot Babel sette i verk: å gjera Babellandet til ei øydemark, so ingen bur der.
30Kjempone i Babel hev halde upp med striden, dei sit i ro i borgene, deira kraft er kvorvi, kvinnor hev dei vorte; det er sett eld på bustadene der, bommane er sprengde.
31Laupar løyp mot laupar og sendebod mot sendebod, med bod til Babel-kongen at byen hans er teken frå ende til annan,
32at vadi er i fiendevald, vassdammane uppturka med eld, og hermennene forfærde.
33For so segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Babels dotter likjest ein treskjevoll når han vert tiltrakka; endå ei liti rid, so kjem skurdonni for henne.
34Nebukadnesar, Babel-kongen, hev ete oss, hev øydt oss, hev sett oss burt som eit tomt kjerald, hev gløypt oss som ein hav-drake, hev fyllt buken min med forkunnmat; burt hev han drive oss.
35Dei valdsverk som vart gjorde mot mitt kjøt, lat dei koma yver Babel! - so må Sion-buane segja - og mitt blod koma yver Kaldea-folket! - so må Jerusalem segja.
36Difor segjer Herren so: Sjå, eg fører di sak og tek hemn for deg, og eg let havet der turkast upp og kjelda der torna.
37Og Babel skal verta til røysar, eit sjakal-bøle, til ei skræma og til hæding, so ingen bur der.
38Alle burar dei som ungløvor, dei gryler som løveungar.
39Når dei er heite vortne, vil eg gjera eit drikkelag for dei og gjera dei drukne, so dei skal fagna seg og so sovna i ein æveleg svevn og ikkje vakna, segjer Herren.
40Eg vil føra dei ned til slakting som lamb, som verar og bukkar.
41Sjå, Sesak er teke, ho som var ei frægd for all jordi, er herteki! Kor Babel hev vorte til ei skræma millom folki!
42Havet hev stige upp yver Babel, det er løynt av dei marmande båror.
43Byane der hev vorte til ei audn, eit turt land og ein aud mo, eit land som ingen mann bur i, og som inkje mannsbarn ferdast i.
44Og eg heimsøkjer Bel i Babel og tek det han hev gløypt i seg, ut or munnen hans, og folkeslag skal ikkje lenger strøyma til han; Babel-muren er fallen, han og.
45Far ut derifrå, mitt folk, kvar mann må berga sitt liv - for Herrens brennande vreide!
46Og ver ikkje hugfalne og redde for dei tiender som spørst i landet, um det kjem ei tiend det eine året og ei onnor eit anna år, og um det råder vald i landet, og drott ris mot drott.
47Sjå, difor skal dei dagar koma då eg heimsøkjer dei utskorne bileti i Babel, og heile landet skal verta til skammar, og alle mennene skal vert drepne og falla der.
48Då skal himmel og jord og alt som i dei er, fagna seg yver Babel; for nordantil skal tynarane koma yver det, segjer Herren.
49Babel skal og falla, de Israels-menner som er ihelslegne! Babel-buane skal og falla, de som er ihelslegne utyver heile jordi!
50De som hev sloppe undan frå sverdet, far av stad, stana ikkje! Kom Herren i hug frå burtlengste land og minnest Jerusalem!
51Me stod der skjemde, for me laut høyra på svivyrding; skammi breidde seg yver våre andlet, for framande hadde kome yver heilagdomane i Herrens hus.
52Sjå, difor skal dei dagar koma, segjer Herren, då eg heimsøkjer dei utskorne bileti i Babel, og i heile landet skal såra menner stynja.
53Um so Babel vil stiga upp til himmelen, og um ho gjer si høge festning u-klivande, so skal tynarar frå meg koma yver det like vel, segjer Herren.
54Naudrop høyrest frå Babel, det er stort tjon i Kaldearlandet.
55For Herren tyner Babel og stoggar det store ståket i byen; og bårone deira skal dynja som store vatn, si dunande røyst skal dei lata ljoma.
56For yver det, yver Babel, kjem ein tynar, og kjempone der vert fanga, bogane deira sundbrotne; for Herren er ein Gud som gjev attergjeld, han løner, han gjev lika.
57Eg vil gjera dei drukne, hovdingane og vismennene der, jarlane og krigshovdingane og kjempone, og dei skal sovna i ein æveleg svevn og ikkje vakna, segjer kongen - Herren, allhers Gud, er namnet hans.
58So segjer Herren, allhers Gud: Babel-muren, den breide, skal verta nedriven til grunnen, og portane, dei høge, skal verta uppbrende, so folk skal ha mødt seg for inkje, og folkeslag streva seg trøytte for elden.
59Dette er den fyresegni som profeten Jeremias gav Seraja, son åt Neria Mahsejason, då han for til Babel saman med Sedekias, Juda-kongen, i det fjorde året han var konge. - Seraja var den som sytte for herbyrge.
60Jeremias skreiv upp i ei bok all den ulukka som skulde koma yver Babel, alle desse ordi som er skrivne um Babel.
61Og Jeremias sa til Seraja: Når du kjem til Babel, då sjå til at du les upp alle desse ordi!
62Og du skal segja: Herre, du hev tala mot denne staden og sagt at du vil øyda han, so ingen skal bu der meir, korkje folk eller fe, men at han skal verta til ævelege audner.
63Og når du hev lese upp denne boki til endes, skal du binda ein stein til henne og kasta henne ut i Eufrat
64og segja: Soleis skal Babel søkka og ikkje koma upp att, for den ulukka som eg let koma yver byen, og maktlause skal dei liggja der. Her når Jeremias-ordi.