Jeremiah 44NO1938N

1Dette er det ordet som kom til Jeremias um alle dei jødane som budde i Egyptarlandet, dei som budde i Migdol og i Tahpanhes og i Memfis og i Patroslandet:

2So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: De hev set all den ulukka som eg hev late koma yver Jerusalem og yver alle Judabyane - og sjå, no er dei ei audn, og ingen bur i dei -

3for det vonde som dei gjorde, so dei harma meg, med di dei gjekk og brende røykjelse og tente andre gudar, som dei ikkje kjende, korkje dei eller de eller federne dykkar.

4Og eg sende til dykk alle tenarane mine, profetane, både jamt og samt, og sa: Far ikkje med denne styggedomen som eg hatar!

5Men dei høyrde ikkje og la ikkje øyra til, so dei vende um frå vondskapen sin og heldt upp med å brenna røykjelse for andre gudar.

6Då vart min harm og min vreide utrend, og han brann i Judabyane og på Jerusalemsgatone, so dei vart til ei audn, til ei øydemark, so som dei er den dag i dag.

7Og no segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Kvifor gjer de so stort eit tjon på dykk sjølve, so mann og kvinna, barn og sogbarn vert utrudde for dykk or Juda, so de ikkje vert leivt nokon rest åt dykk,

8og harmar meg med dei verk dykkar hender gjer, med di de brenner røykjelse for andre gudar i Egyptarlandet, som de er komne til og vil bu i - so dei skal verta utrudde for dykk, og de verta til ei forbanning og til hæding millom alle folkeslag på jordi?

9Hev de gløymt det vonde som federne dykkar gjorde, og det vonde som kongane i Juda gjorde, og det vonde som kvinnone der gjorde, og det vonde som de sjølve og kvinnone dykkar gjorde i Judalandet og på Jerusalemsgatone?

10Endå hev dei ikkje audmykt seg, og dei ottast ikkje og lever ikkje etter mi lov og mine bod, som eg hev lagt fram for dykk og federne dykkar.

11Difor segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, so: Sjå, eg snur andletet mot dykk til ulukka, og eg vil rydja ut heile Juda.

12Og eg vil taka dei som er att av Juda, dei som sette seg fyre at dei vilde fara til Egyptarlandet og bu der, og dei skal alle setja til, i Egyptarlandet skal dei falla; for sverd og av svolt skal dei setja til; både små og store skal døy for sverd og av svolt, og dei skal verta til ein eid, til ei skræma og ei forbanning og til hæding.

13Og eg vil heimsøkja dei som bur i Egyptarlandet, som eg heimsøkte Jerusalem, med sverd og svolt og sott.

14Og av dei som er att av Juda, av dei som er komne og vil bu der i Egyptarlandet, skal ingen sleppa undan og verta att, so han kjem heim att til Judalandet, som dei stundar etter å koma attende til so dei kann bu der; for ingen skal koma dit att so nær som nokre få undanslopne.

15Då svara dei Jeremias alle dei menner som visste at konone deira brende røykjelse for andre gudar, og alle kvinnone som stod der i ein stor hop, og alt folket som budde i Egyptarlandet, i Patros, og sa:

16Me vil ikkje lyda på deg i det som du hev tala til oss i Herrens namn,

17men me vil gjera alt det som me hev lova med vår munn; me vil brenna røykjelse for himmeldronningi og renna ut drykkoffer for henne, so som me fyrr hev gjort, me og federne våre, kongane våre og hovdingane våre, i Judabyane og på Jerusalemsgatone. Då hadde me nøgdi av brød og det gjekk oss vel og ingi ulukka kom yver oss.

18Men sidan me heldt upp med å brenna røykjelse for himmeldronningi og renna ut drykkoffer for henne, hev det skorta oss på alt, og med sverd og svolt er me tynte.

19Og når me brende røykjelse for himmeldronningi og rende ut drykkoffer for henne, tru det då var mennene våre uviljande at me laga kakor åt henne og dyrka henne og rende ut drykkoffer for henne?

20Då sa Jeremias til alt folket, til mennene og til kvinnone og til alt folket som svara han:

21De at de hev brent røykjelse i Judabyane og på Jerusalemsgatone, de og federne dykkar, kongane dykkar og hovdingane dykkar og landslyden, tru Herren ikkje hev kome det i hug og tenkt på det?

22Og Herren kunde ikkje lenger tola det for den vonde åtferdi dykkar, for dei avstyggelege ting som de gjorde; so vart landet dykkar ei audn og ei øydemark og til ei forbanning, so ingen bur der, so som det er den dag i dag.

23For di de brende røykjelse og synda mot Herren og ikkje høyrde på Herrens røyst og ikkje levde etter hans lov og bod og vitnemål, difor kom denne ulukka yver dykk, so som me ser det i dag.

24Og Jeremias sa til alt folket og til alle kvinnone: Høyr Herrens ord, alle de av Juda som er i Egyptarlandet!

25So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: De og kvinnone dykkar tala med munnen dykkar og fullførde det med hendene dykkar, og de sa: Me vil halda lovnadene som me hev gjort: å brenna røykjelse til himmeldronningi og renna ut drykkoffer for henne. Ja, berre haldt lovnadene dykkar og fullfør dei!

26Høyr difor Herrens ord, alle de av Juda som bur i Egyptarlandet: Sjå, eg hev svore ved mitt store namn, segjer Herren: Sanneleg, ikkje ein einaste Juda-mann skal taka namnet mitt på tunga si i heile Egyptarlandet, so han segjer: So visst som Herren, Israels Gud, lever!

27Sjå, eg vaker yver dei til ulukka og ikkje til lukka, og alle Juda-menner som er i Egyptarlandet, skal verta tynte av sverd og svolt, til det er gjort ende på dei.

28Og dei som kjem seg undan sverdet, skal fara heim att frå Egyptarlandet til Judalandet, berre ein liten flokk og alle som er att av Juda, dei som er komne til Egyptarlandet og vil bu der, skal få vita kva ord som skal standa ved lag, mitt eller deira.

29Og dette, segjer Herren, skal vera teiknet for dykk på at eg vil heimsøkja dykk på denne staden, so de skal få vita at mine ord um dykk skal standa ved lag til ulukka for dykk:

30So segjer Herren: Sjå, eg gjev Farao Hofra, egyptarkongen, i fiendehender og i hendene på dei som stend han etter livet, sameleis som eg hev gjeve Sedekias, Juda-kongen i hendene på Nebukadnesar, Babel-kongen, som var fienden hans og stod han etter livet.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 44.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.