1Sedekias Josiasson vart konge etter Konja Jojakimsson; for Nebukadnesar, Babel-kongen, hadde sett han til konge i Judalandet.
2Men korkje han eller tenarane hans eller landslyden høyrde på Herrens ord, som han tala ved profeten Jeremias.
3Og kong Sedekias sende Jehukal Selemjason og presten Sefanja Ma'asejason til profeten Jeremias med den helsingi: Bed for oss til Herren vår Gud!
4Jeremias gjekk den-tid ut og inn millom folket; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.
5Og heren åt Farao var då faren ut frå Egyptarland, og då kaldearane, som kringsette Jerusalem, spurde det, for dei burt frå Jerusalem.
6Då kom Herrens ord til profeten Jeremias, og det lydde so:
7So segjer Herren, Israels Gud: So skal de segja til Juda-kongen, som sende dykk av stad til å spyrja meg: Sjå, Farao-heren, som er faren ut til å hjelpa dykk, kjem til å snu um att til landet sitt, til Egyptarland,
8og kaldearane skal koma att og strida mot denne byen, og dei skal taka han og brenna han upp.
9So segjer Herren: Dåra ikkje dykk sjølve med di de segjer: Kaldearane fer no burt frå oss for ollo! For dei fer ikkje burt.
10Um de so slo heile kaldearheren som strider mot dykk, og det berre var att hjå dei nokre særde menner, so skulde dei risa upp i kvar si tjeldbu og brenna upp denne byen.
11Då kaldearheren hadde fare burt frå Jerusalem for Farao-heren skuld,
12gjekk Jeremias ut or Jerusalem midt ibland folket og vilde fara til Benjaminslandet og henta arveluten sin derifrå.
13Men då han kom til Benjaminsporten, so stod der ein hovding for vakti; han heitte Jerija og var son åt Selemja Hananjason. Han treiv i profeten Jeremias og sa: Du vil laupa burt til kaldearane.
14Då sa Jeremias: Det er lygn! eg vil ikkje laupa burt til kaldearane! Men Jerija høyrde ikkje på han, og Jerija treiv i Jeremias og for med han til hovdingane.
15Hovdingane harmast på Jeremias og slo han. So sette dei han i fangehuset, i huset åt riksskrivaren Jonatan; for det hadde dei gjort til fengsel.
16Då Jeremias var komen i fangeholet, i kjellaren, og hadde sete der i mange dagar,
17sende kong Sedekias bod og let henta han, og kongen spurde han i huset sitt i løynd og sa: Hev det kome noko ord frå Herren? Jeremias svara: Ja. Og so sa han: Du skal verta gjeven i hendene på Babel-kongen.
18Då sa Jeremias til kong Sedekias: Kva hev eg synda mot deg og mot tenarane dine og mot dette folket, sidan de hev sett meg i fengsel?
19Og kvar er no profetane dykkar, som spådde åt dykk og sa: Babel-kongen skal ikkje koma yver dykk og yver dette landet?
20Og høyr no, herre konge! Å, lat mi audmjuke bøn koma fram for di åsyn og send meg ikkje attende til huset åt riksskrivaren Jonatan, so eg ikkje skal døy der!
21Sedekias gav då påbod, og so sette dei Jeremias i varveitsla i vaktgarden og gav han ein brødleiv um dagen frå Bakargata, til alt brødet i byen var uppete. Og Jeremias vart sitjande i vaktgarden.