Jeremiah 22NO1938N

1So sa Herren: Gakk ned til Juda-kongens hus og tala der dette ordet:

2Høyr Herrens ord, du Juda-konge som sit på Davids kongsstol, du sjølv og tenarane dine og folket ditt, de som gjeng inn gjenom desse portane!

3So segjer Herren: Gjer rett og rettferd, berga ut or valdsmanns hand den som er utplundra, og far ikkje fram med urett og vald mot den framande, den farlause og enkja, og renn ikkje ut skuldlaust blod på denne staden!

4For um de gjer etter dette ordet, då skal kongar som sit på Davids kongsstol, koma inn gjenom portane til dette huset på vogner og hestar - kongen sjølv og tenarane hans og folket hans.

5Men um de ikkje høyrer på desse ordi, då sver eg ved meg sjølv, segjer Herren, at dette huset skal verta lagt i øyde.

6For so segjer Herren um Juda-kongens hus: Eit Gilead er du for meg, ein tind på Libanon; men sanneleg, eg vil gjera deg til ei øydemark, til byar der ingen bur.

7Og eg vil vigja tynarar mot deg, kvar med sine våpen, og dei skal hogga dei gilde sedertrei dine og kasta dei på elden.

8Og mange heidningfolk skal ganga framum denne byen og segja til kvarandre: Kvi hev Herren fare soleis åt med denne store byen?

9Og dei skal svara: For di dei vende seg frå Herrens, sin Guds pakt og tilbad andre gudar og tente dei.

10Gråt ikkje yver ein avliden og barma dykk ikkje for han! Gråt yver han som burt er faren! For han skal ikkje meir koma att og sjå sitt fødeland.

11For so segjer Herren um Sallum Josiasson, Juda-kongen, som vart konge etter Josias, far sin, og som fór burt frå denne staden: Han skal ikkje meir koma hit att;

12men på den staden som dei førde han fange til, der skal han døy, og dette landet skal han ikkje meir få sjå att.

13Usæl han som byggjer sitt hus med urettferd og sine salar med urett, som let sin næste træla for inkje og ikkje gjev han løni hans,

14som segjer: Eg vil byggja meg eit romt hus og luftige salar, og som høgg seg ut vindaugo på det og klæder det med sedertre og målar det med raudmåling.

15Er du konge for di du kann kappbyggja i sedertre? Far din - åt han ikkje og drakk og gjorde rett og rettferd? Då gjekk det han vel.

16Han hjelpte armingen og fatigmannen til hans rett; då gjekk det vel. Er ikkje slikt å kjenna meg? segjer Herren.

17Men augo dine og hjarta ditt stend ikkje etter anna enn etter vinning og etter å renna ut skuldlaust blod og etter å fara med valdsverk og trælking.

18Difor segjer Herren so um Jojakim Josiasson, Juda-kongen: Dei skal ikkje halda syrgjehøgtid etter han og ropa: Ai, bror min! Ai, syster mi! Dei skal ikkje halda syrgjehøgtid etter han og ropa: Ai, Herre! Ai, hans herlegdom!

19Liksom ein jordar eit asen, skal han verta jorda; dei skal draga han ut og slengja han burt langt utanfor Jerusalemsportane.

20Stig upp på Libanon og ropa, og lat røysti di ljoma i Basan og ropa frå Abarim! For alle elskarane dine er sundkrasa.

21Eg tala til deg medan det gjekk deg vel; men du sa: Eg vil ikkje høyra. Det var visi di alt frå din ungdom at du ikkje høyrde på mi røyst.

22Alle førarane dine skal vinden føra burt, og elskarane dine skal verta fangar; ja, då skal du verta skjemd og til skammar for all vondskapen din.

23Du som bur på Libanon, som hev reiret ditt i sedertrei, å, kor du skal stynja når du fær rider, flagor som kvinna i barnsnaud!

24So visst som eg lever, segjer Herren, um so du Konja Jojakimsson, Juda-konge, var ein signetring på høgre handi mi, vilde eg riva deg derifrå.

25Og eg vil gjeva deg i hendene på dei som stend deg etter livet, og i hendene på dei som du reddast, i hendene på Nebukadnesar, Babel-kongen, og i hendene på kaldearane.

26Og eg vil slengja deg og mor di som fødde deg, burt til eit anna land, der som de ikkje er fødde, og der skal de døy.

27Men til det landet som dei stundar å koma attende til, dit att skal dei aldri koma.

28Er då denne mannen Konja ei vanvyrd, sundslegi leirkrukka, eller eit kjerald som ingen bryr seg um? Kvifor er dei burtkasta, han og ætti hans, og slengde burt til det landet som dei ikkje kjende?

29Land, land, land, høyr Herrens ord!

30So segjer Herren: Skriv upp denne mannen barnlaus, ein uheppen mann all sin dag! For ingen av ætti hans skal meir få lukka til å sitja i Davids kongsstol og råda yver Juda.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.