1Pashur Immersson, presten, som var yvertilsynsmann i Herrens hus, høyrde Jeremias tala desse ordi.
2Då slo Pashur profeten Jeremias og sette han i stokken i den øvre Benjaminsporten i Herrens hus.
3Men dagen etter slepte Pashur Jeremias laus or stokken. Då sa Jeremias til han: Herren kallar deg ikkje Pashur, men Magor Missabib.
4For so segjer Herren: Sjå, eg gjer deg til ei redsla for deg sjølv og for alle venene dine; dei skal falla for fiendesverd, og dine augo skal sjå det; og heile Juda vil eg gjeva i hendene på Babel-kongen, og han skal føra dei i utlægd til Babel og slå dei med sverd.
5Og eg vil gjeva alt godset i denne byen og alt dei hev streva i hop, og alle deira eigneluter og alle skattane åt Juda-kongane i hendene på fiendane deira, og dei skal rana dei og taka dei og føra dei til Babel.
6Og du, Pashur, og alle som bur i ditt hus, de skal verta fangar, og til Babel skal du koma, og der skal du døy, og der skal du verta gravlagd, du og alle venene dine, som du spådde lygn for.
7Du lokka meg, Herre, og eg let meg lokka; du bruka makti på meg og vann; eg hev vorte til låtteløgje all dagen, alle so spottar dei meg.
8For so ofte som eg talar, lyt eg skrika, um vald og tjon lyt eg ropa; for Herrens ord hev vorte meg til håd og spott all dagen.
9Difor tenkte eg: Eg vil ikkje koma han i hug og ikkje lenger tala i hans namn. Men då vart det i hjarta mitt som ein logande eld, innestengd i mine bein, og eg møddest med å tola det, men kunde ikkje.
10For eg høyrde mange baktala meg - redsla frå alle kantar; dei sa: Meld han! La oss ganga og melda han! Alle dei menner eg levde i fred med, gjætte på um eg ikkje skulde falla; dei sa: Kann henda let han seg lokka, so me kann vinna på han og hemna oss på han.
11Men Herren er med meg lik ei veldig kjempa; difor skal forfylgjarane mine snåva og ikkje vinna; dei vert ovleg til skammar for di dei ikkje fór visleg åt - ei æveleg, ugløymande skjemsla.
12Og Herren, allhers Gud, røyner med rettferd, han ser nyro og hjarta; eg skal få sjå din hemn yver dei, for eg hev lagt saki mi fram for deg.
13Syng for Herren, lova Herren! For han hev fria sjeli åt armingen ut or hendene på illgjerningsmenner.
14Forbanna vere den dagen då eg vart fødd! Den dagen mor mi fødde meg, vere ikkje velsigna!
15Forbanna vere den mann som kom med gledebodet til far min: Du hev fenge ein son, og soleis gledde han storleg.
16Med den mannen skal det ganga som med dei byane Herren støytte i koll utan medynk, og han skal høyra naudrop um morgonen og herrop ved høgstdags leite,
17for di han ikkje drap meg alt i morslivet, so mor mi vart mi grav, og livet hennar æveleg fremmeleg.
18Kvi kom eg då ut or morslivet til å sjå møda og sorg og enda mine dagar i skam?