Isaiah 59NO1938N

1Sjå, Herrens hand er ikkje so stutt at han ikkje kann frelsa, og øyra hans er ikkje so tunghøyrt at det ikkje kann høyra.

2Men misgjerningane dykkar er det som skil millom dykk og dykkar Gud, og syndene dykkar hev dult hans åsyn for dykk, so han ikkje høyrer.

3For hendene dykkar er sulka med blod, og fingrane dykkar med misgjerd; lippone dykkar fer med lygn, tunga dykkar talar urett.

4Ingen ropar til doms for rettferd, ingen hev ærleg rettargang; dei lit på usanning og talar lygn, dei er umhender med ulukka og føder naud.

5Basilisk-egg klekkjer dei ut, og kongurvev vev dei; den som et deira egg, lyt døy, og krasar du eit, kjem det fram ein hoggorm.

6Deira vevnad vert aldri til klæde, ein kann ikkje hylja seg i deira verk; deira verk er vondskaps verk, og valdsverk er i deira hender.

7Deira føter spring til det som vondt er, og er snøgge til å renna ut skuldlaust blod; deira tankar er vondskaps tankar; det er øyding og tjon kvar dei fer.

8Freds veg kjenner dei ikkje, det finst ingen rett i deira spor; dei fer på krokute stigar; ingen som set foten på dei, veit av fred.

9Difor er retten langt burte frå oss, og rettferdi når oss ikkje; me ventar på ljos, og so finn me myrker, me ventar på berre solskin, men lyt ferdast i svartaste natt.

10Me trivlar som blinde langs vegen, me trivlar som folk utan augo; midt på dagen snåvar me som i skumingi, millom friske er me som døyande.

11Me gryler alle som bjørnar, og som duvor kurrar me; me ventar på retten, men han kjem ikkje, på frelsa, men ho er langt burte frå oss.

12For våre brot er mange for deg, og våre synder vitnar imot oss; ja, me hev våre brot for augo, og våre misgjerningar veit me um:

13Me hev falle ifrå og neitta Herren, me hev gjenge burt frå vår Gud; me hev tala um trælking og fråfall, me hev avla ljugarord i hjarta og sagt dei.

14Difor er retten halden att, og rettferdi stend langt burte; for sanningi hev snåva på tinget, og det rette vinn ikkje fram,

15og sanningi vart burte, og den som held seg frå vondt, vart plundra. Og Herren såg det og mislika at det ikkje fanst nokon rett;

16han såg at ingen steig fram, og han undrast at ingen førde hans sak. Då kom hans arm han til hjelp, og hans rettferd var han til studnad;

17han tok rettferd på seg til brynja, sette frelse-hjelm på sitt hovud, hemn-klæde tok han til klædnad og sveipte brennhug um seg til kåpa.

18Etter deira gjerningar skal han løna dei, med harm yver sine motmenner, med hemn yver sine fiendar; øylandi skal få lika for det dei hev gjort.

19Og i Vesterland skal dei ottast Herrens namn, og i Austerland hans herlegdom; for han kjem som ein innestengd foss som Herrens storm driv fram.

20Og det skal koma ein utløysar for Sion og for dei som vender um frå synd i Jakob, so er Herrens ord.

21Og dette er den pakt som eg på mi sida gjer med dei, segjer Herren: Min Ande, som er yver deg, og mine ord, som eg hev lagt deg i munnen, dei skal ikkje vika frå din munn, og ikkje frå munnen åt borni dine, og ikkje heller frå munnen åt barneborni dine, segjer Herren, frå no og i all æva.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 59.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.