1Den rettferdige set livet til, og ingen legg seg det på hjarta, og gudlege menner vert rivne burt, men ingen ansar at den rettferdige vert riven burt fyrr ulukka kjem.
2Han gjeng inn til fred; dei kviler på sine lægje dei som gjekk vegen sin beint fram.
3Men kom her hit, de trollkjerringborn, du ætt av horkar og skjøkja!
4Kven hev de til låtteløgje? Kven geipar de åt og retter ut tunga? Er de ikkje sjølve brots-ungar, ei ljugarætt?
5De som brenn av lystnad ved terebintone, under kvart eit grønt tre, de som slaktar born i dalane, i skortor og skard!
6Håle steinar i bekken er din deil; dei, ja, dei er din lut; for dei og rende du drykkoffer ut og bar matoffer fram - skulde eg vera nøgd med det?
7På høge og store fjell reidde du lega di; der og steig du upp og ofra slaktoffer.
8Og bakum døri og dørskia sette du ditt minnesmerke; du snudde ryggen til meg, klædde av deg og steig upp, gjorde lega di breid og tinga med dei; du lika å liggja med dei, du såg deira skam.
9Du drog til kongen med olje, og du kom med mange angande salvar, du sende dine bod langt burt, og du steig djupt ned, radt til helheimen.
10Um du enn vart trøytt på den lange ferdi, so sa du ikkje: Eg gjev meg yver! Du fann ny kraft i di hand, difor vart du ikkje veik.
11Kven var du redd og ottast, sidan du gav deg burt i lygni og ikkje tenkte på meg og ikkje la deg det på hjarta? Er det ikkje so: Eg hev tagt i lange tider, difor ottast du ikkje meg?
12Eg vil kunngjera di rettferd og dine verk, og dei kann ikkje hjelpa deg.
13Når du skrik, so lat avgudsflokken din berga deg! Nei, ein vind skal føykja dei alle burt, ei vindgufs taka dei med seg; men den som flyr til meg, skal erva landet og få til eiga mitt heilage berg.
14Og det skal verta sagt: Brøyt, brøyt, jamna veg! Tak kvar støytestein burt frå vegen åt mitt folk!
15For so segjer han som er høg og upphøgd, han som tronar æveleg og heiter «Heilag»: I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er broten og nedbøygd i åndi
16For eg trettar ikkje til æveleg tid, og eg er ikkje stødt og stendigt harm; for då laut åndi ormektast for meg, dei sjeler som eg hev skapt.
17Eg harmast for Israels syndige hækna og slo han, eg løynde mi åsyn og var harm, og han fylgde i fråfall sin hjartans veg.
18Hans vegar hev eg sett, og no vil eg lækja han, eg vil leida han og gjeva han og hans syrgjande trøyst.
19Herren skaper frukt av lippor; fred, fred for fjerr og nær, segjer han, og eg lækjer han.
20Men dei ugudlege er som det bårande havet; det kann ikkje halda seg stilt, og bylgjone rotar upp skarn og søyla.
21Dei ugudlege hev ingen fred, segjer min Gud.