Isaiah 53NO1938N

1Kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?

2Han rann som ein kvist for hans augo, som ein renning or turre jordi; hadde han ingen skapnad eller herlegdom, me såg han, men han såg ikkje hugnadleg ut.

3Vanvyrd var han, so folk heldt seg undan, ein mann i pinslor og velkjend med sjukdom, han var som ein som ingen vil sjå på, vanvyrd, og me rekna han for inkje.

4Men våre sjukdomar var det han tok på seg, og våre pinslor var det han bar, medan me trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og nedbøygd.

5Ja, han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder; straffi låg på han, so me skulde få fred, og ved hans sår hev me fenge lækjedom.

6Alle for me vilt som sauer, me vende oss kvar sin veg; men Herren let råma han det som me hadde skuld i alle.

7Skamfaren vart han, endå han var nedbøygd, og han let ikkje upp sin munn, som lambet dei fører til slakting, og sauen som tegjer når han vert klypt; han let ikkje upp sin munn.

8Med vald og dom vart han teken burt; men kven i hans samtid tenkte vel då han vart utrudd or levandelandet, at det var for mitt folks brot han vart heimsøkt?

9Millom ugudlege gav dei han grav, men hjå ein rikmann var han i dauden; for ingen urett hadde han gjort, og det fanst ikkje svik i hans munn.

10Men det tektest Herren å krasa han, han slo han med sjukdom; når hans sjel bar fram skuldofferet, skulde han sjå avkjøme og leva lenge, og Herrens vilje skulde hava framgang ved han.

11For si sjele-møda skal han sjå det og mettast; når dei kjenner han, skal min rettvise tenar gjeva rettferd til mange; og deira misgjerningar skal han bera.

12Difor vil eg gjeva han mange til lut, og sterke skal han få til herfang, for di han tømde si sjel til dauden og vart rekna millom brotsmenner, medan han bar syndi åt mange, og han bad for brotsmenner.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 53.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.