1Men høyr no, Jakob, min tenar, du Israel som eg hev valt ut!
2So segjer Herren, som skapte deg, som laga deg frå morslivet og hjelper deg: Ver ikkje redd, du min tenar Jakob, Jesurun som eg hev valt ut!
3For eg vil renna vatn yver det tyrste og straumar yver det turre; eg vil renna min Ande ut yver di ætt og mi velsigning yver ditt avkjøme,
4so dei veks upp som millom gras, som pilar attmed bekkefar.
5EIN skal segja: Eg høyrer Herren til, ein annan skal kalla seg med Jakob-namnet, EIN skal skriva med si hand: Eg høyrer Herren til, og Israel skal han bruka til ærenamn.
6So segjer Herren, Israels konge og utløysar, Herren, allhers Gud: Eg er den fyrste, og eg er den siste, og utan meg finst det ingen Gud.
7Kven forkynner som eg det som henda skal? Lat han kunngjera og leggja fram for meg det han hev forkynt, alt frå den tid eg skapte fornalderfolket! Og lat dei kunngjera det som i framtidi kjem.
8Ver ikkje forstøkte og redde! Hev eg ikkje for lenge sidan forkynt og sagt deg det? De er mine vitne. Finst det nokon Gud utan meg? Det finst inkje anna berg, eg veit ikkje noko.
9Dei som lagar utskorne bilete, er alle inkjevetta; og deira kjære gudar kann ikkje hjelpa; dei som gjev dei vitnemål, ser ikkje og skynar ikkje, so dei skal verta til skammar.
10Kven er det som hev laga ein gud og støypt eit bilete - til unyttes?
11Alle som held seg til det, skal verta til skammar; og meistrane sjølve er berre menneske; lat dei samla seg alle saman og stiga fram! Dei skal reddast og verta til skammar alle i hop.
12Smeden brukar beitelen og arbeider med koleld; han formar biletet med hamrar, han arbeider på det med sin sterke arm. Vert han so svolten, minkar makti, og fær han ikkje drikka vatn, vert han veik.
13Treskjeraren spanar mælesnori og ritar med gravstikka, han skjer treet til med kniven og ritar med passaren; so lagar han det som eit mannslike, som ein fager mannsskapnad, til å bu i eit hus.
14Ein gjev seg til å hogga sedrar, og han tek steineik og eik og vel seg ut eit av skogstrei, han plantar ei fura, og regnet fer henne til å veksa.
15Og so brukar mannen treet til brennefang; han tek av det og vermer seg med det, ja, han kveikjer på og bakar brød; men attåt det gjer han ein gud av det, som han bed til, han lagar eit utskore bilete, som han bøygjer kne for.
16Helvti av det brenner han upp i elden; med den helvti lagar han til det kjøtet han skal eta, han steikjer ei steik og mettar seg; han vermer seg og, og segjer: Å, no er eg varm; eg merkar elden!
17Resten av det gjer han til ein gud, til sitt utskorne bilete, som han legg seg på kne for og tilbed. Han bed til det og segjer: Frels meg, for du er min gud!
18Dei er utan vit og skyn; for han hev klint att augo deira, so dei ikkje ser, gjort hjarto deira harde, so dei ikkje skynar.
19Han tenkjer seg ikkje um, og han hev ikkje klokskap og skyn nok til å segja med seg: Helvti hev eg brent upp i elden, yver glørne hev eg baka brød, eg steikjer kjøt og et, og so skulde eg laga resten til ein styggedom og bøygja kne for ein trekubbe! /
20Den som held seg til det som berre er oska, honom hev eit dåra hjarta forvilla, og han bergar ikkje si sjel og segjer ikkje: Er det ikkje lygn det eg held i mi høgre hand?
21Kom dette i hug, du Jakob! Kom det i hug, du Israel! For du er min tenar. Eg hev skapt deg, du er min tenar, Israel, eg gløymer deg ikkje.
22Eg stryk burt dine brot som ei skodda og syndene dine som ei sky; vend um til meg, for eg løyser deg ut!
23Jubla, de himlar! For Herren gjer sitt verk. Ropa med frygd, de dypter i jordi! Set i med jubel, de fjell, du skog, kvart tre i deg! For Herren løyser ut Jakob, og på Israel vil han syna seg herleg.
24So segjer Herren, utløysaren din, han som laga deg alt i morslivet; Eg er Herren, som gjer alle ting; himmelen spana eg ut åleine, jordi breidde eg ut utan medhjelp;
25eg gjer juglarteikni um inkje, og spåmenner gjer eg til fåmingar; eg let vismenner koma til kort og gjer deira visdom til dårskap;
26eg stadfester ordet åt tenaren min og fullfører rådi åt sendebodi mine; eg segjer um Jerusalem: Der skal bu folk, og um Judabyane: Dei skal byggjast upp att; ruinane der vil eg reisa att;
27eg segjer til djupet: Torna, dine straumar turkar eg ut;
28eg segjer til Kyros: Han er min hyrding, han skal fullføra all min vilje og segja um Jerusalem: Det skal byggjast upp att, og templet skal verta grunnlagt.