Isaiah 38NO1938N

1Ved det leitet vart Esekias so sjuk at det stod um livet. Og Esaias Amosson, profeten, kom til han og sa til han: So segjer Herren: Skipa alle ting til rettes i huset ditt! For du lyt døy; du fær ikkje leva lenger.

2Då snudde Esekias andletet mot veggen og bad soleis til Herren:

3Å, Herre, kom då i hug at eg hev ferdast for di åsyn i truskap og med heilt hjarta og gjort det som godt er i dine augo! Og han storgret.

4Då kom det eit ord til han frå Herren; det lydde so:

5Gakk og seg til Esekias: So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di og set tårone dine. Sjå, eg vil leggja femtan år attåt alderen din.

6Og eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og veldet hans, og eg vil verna denne byen.

7Og no skal du høyra kva merke Herren gjev deg på at han vil halda det han hev lova:

8Sjå, eg let skuggen på solskiva, som hev gjenge ned med soli på solskiva åt Akas, ganga ti strek attende. Og soli gjekk attende ti av dei streki ho hadde gjenge ned.

9Ein song som Esekias, Juda-kongen, skreiv då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen:

10Eg sa: I mine beste år lyt eg fara igjenom helheimsportane; eg lyt bøta med resten av åri mine.

11Eg sa: Eg fær ikkje sjå Herren, Herren i landet åt dei levande; eg fær ikkje skoda menneske meir millom dei som bur i stilla.

12Min bustad vert upprykt og burtførd frå meg som eit hyrdingtjeld; eg hev rulla mitt liv i hop som ein vevar, frå varpet skjer han meg av; frå dag til natt gjer du av med meg.

13Eg roa mi sjel alt til morgons; som ei løva knasar han alle mine bein; frå dag til natt gjer du av med meg.

14Som ei svala, ei trana, so sutra eg, eg kurra som ei duva; dimme såg mine augo mot høgdi: Eg er kvidefull, Herre, borga for meg!

15Kva skal eg segja? Han hev sagt meg det, og han hev gjort det; Stilt vil eg ferdast alle mine år etter all mi sjelekvida.

16Herre, ved dei lever menneskja, og dei held uppe alt liv i mi ånd; so gjer meg då frisk, og lat meg leva!

17Sjå, til fred vart meg det beiske, ja det beiske, og kjærleg drog du mi sjel or tyningsgravi; for du kasta alle mine synder bak ryggen din.

18For ikkje prisar helheimen deg, ikkje lovar dauden deg; ikkje vonar dei som fer ned i gravi, på truskapen din.

19Dei levande, dei levande, dei prisar deg, liksom eg i dag; ein far lærer borni sine um truskapen din.

20Herren er reidug til å frelsa meg, og på mine strengeleikar vil me leika alle våre levedagar i Herrens hus.

21Esaias sa dei skulde henta ei fikekaka og leggja til plåster på verken, so han skulde friskna til att.

22Esekias sa: Kva skal eg hava til merke på at eg skal ganga upp til Herrens hus?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 38.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.