Hosea 1NO1938N

1Herrens ord som kom til Hoseas, son åt Be'eri, i dei dagane då Ussias, Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda, og då Jeroboam Joasson var konge i Israel.

2Då Herren tok til å tala til Hoseas, sa han til han: Gakk av stad og få deg ei horkona og horeborn! For landet driv hor og fylgjer ikkje lenger Herren.

3Då gjekk han stad og gifte seg med Gomer Dibla'imsdotter, og ho vart med barn og fødde han ein son.

4Og Herren sa til han: Kalla han Jisre'el! For um eit lite bel vil eg lata huset hans Jehu lida for Jisre'els blodskuld og gjera ende på kongedømet i Israels hus;

5og den dagen skal det bera so til at eg bryt sund Israels boge i Jisre'elsdalen.

6Og ho vart med barn att og fekk ei dotter. Då sa han til han: Kalla henne Lo-Ruhama! For eg kjem ikkje lenger til å miskunna Israels hus, so eg tilgjev dei.

7Men Judas hus vil eg miskunna, og eg vil lata dei verta frelste ved Herren deira Gud; men eg vil ikkje frelsa dei med boge eller sverd eller krig, med hestar eller ridarar.

8Då ho hadde vant av Lo-Ruhama, vart ho med barn att og fekk ein son.

9Då sa han: Kalla han Lo-Ammi! For de er ikkje mitt folk, ikkje heller skal eg høyra dykk til.

10Men like vel skal talet på Israels-borni verta som havsens sand, den som ikkje kann mælast eller teljast; og det skal ganga so, at på den staden der det vart sagt til dei: De er ikkje mitt folk, der skal ein segja til dei: Borni åt den levande Gud.

11Juda-borni og Israels-borni skal fylkja seg saman og taka seg ein hovding og fara upp or landet; for stor er Jisre'els dag.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hosea 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.