Hebrews 9NO1938N

1No hadde vel og den fyrste pakti sine fyresegner um gudstenesta og sin jordiske heilagdom.

2For det vart laga eit tjeld, det fremste, og i det var både ljosestaken og bordet og skodebrødi; dette vert kalla det Heilage.

3Og attanfor det andre forhenget var det tjeldet som vert kalla det Høgheilage,

4og som hadde eit røykjelses-altar av gull og paktkista, som var klædd heilt kringum med gull; i henne var ei gullkrukke med manna og Arons stav, som hadde blømt, og pakt-tavlone,

5og uppyver henne herlegdoms kjerubar, som skygde yver nådestolen; men um desse ting skal me ikkje no tala stykke for stykke.

6Men sidan no dette er laga soleis, so gjeng prestane alltid inn i det fremste tjeldet når dei gjer si tenesta;

7men i det andre gjeng berre øvstepresten inn ein gong um året, ikkje utan blod, som han ber fram for seg sjølv og for misferdene åt folket.

8Dermed syner den Heilage Ande dette at vegen til heilagdomen endå ikkje er openberra so lenge det fremste tjeldet stend.

9For dette er eit bilete alt til den noverande tid, og i samhøve dermed vert både gåvor og slaktoffer framborne,

10som like vel ikkje kann gjera den fullkomen etter samvitet som tener Gud, men som berre er kjøtlege fyresegner, saman med mat og drykk og alle slag tvættingar, pålagde til dess tidi til rettarboti kom.

11Men då Kristus kom som øvsteprest for dei tilkomande gode ting, gjekk han gjenom det større og fullkomnare tjeldet, det som ikkje er laga med hender, det er: som ikkje er av denne skapning,

12og ikkje med blod av bukkar eller kalvar, men med sitt eige blod, ein gong inn i heilagdomen og fann ei æveleg utløysing.

13For dersom blodet av bukkar og uksar og oska av ei kvige, når det vert skvett ut yver det ureine, helgar til reinleik på kjøtet,

14kor mykje meir skal då blodet av Kristus, som ved ei æveleg ånd bar seg sjølv fram som eit ulastande offer for Gud, reinsa samvitet dykkar frå daude gjerningar til å tena den levande Gud!

15Og difor er han millommann for ei ny pakt, for at dei som er kalla, skal få den ævelege arven som var lova sidan ein hev døytt til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakti.

16For der det finst eit testament, der lyt det verta stadfestast at han som hev gjort testamentet, er avliden;

17for eit testament vert fyrst gjeldande etter dauden, då det aldri hev kraft so lenge han lever som gjorde det.

18Difor vart heller ikkje den fyrste pakti innvigd utan blod;

19for kvart bod etter lovi var forkynt av Moses, so tok han blod av kalvar og bukkar saman med vatn og skarlakraud ull og isop og skvette både på boki sjølv og på alt folket og sa:

20Dette er blodet til den pakti som Gud hev gjeve bod um til dykk.

21Men ogso tjeldet og all reidskapen som høyrde til gudstenesta, skvette han like eins blod på.

22Og mest alt vert etter lovi reinsa med blod, og utan at blod vert utrent, får ingen forlating.

23So er det då naudsynleg at avbileti av dei himmelske ting vert reinsa med slikt, men dei himmelske ting sjølve med betre offer enn desse.

24For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som var gjord med hender og berre var eit bilete av den sanne, men inn i sjølve himmelen, til å syna seg no for Guds åsyn for vår skuld,

25og ikkje heller so at han fleire gonger skulde ofra seg sjølv, liksom øvstepresten kvart år gjeng inn i heilagdomen med framandt blod;

26for då hadde han ofte lote lida frå verdi vart grunnlagd; men no er ha openberra ein gong ved enden av tidene til å taka burt syndi ved sitt offer.

27Og liksom det er so laga at menneski lyt døy ein gong, og sidan kjem dom,

28soleis er og Kristus ofra ein gong for å taka burt syndene frå dei mange; og andre gongen skal han, utan synd, syna seg til frelsa for dei som ventar på han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.