Hebrews 5NO1938N

1For kvar øvsteprest vert teken bland menneske og vert innsett for menneske til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slaktoffer for synder,

2som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han sjølv ligg under vesaldom,

3og for den skuld lyt han bera fram syndoffer som for folket, so og for seg sjølv.

4Og ingen tek seg sjølv den æra, men den som vert kalla av Gud, liksom Aron.

5So hev ikkje Kristus heller teke seg den æra å verta øvsteprest, men han som sa til han: Du er Son min, eg hev født deg i dag.

6Liksom han og segjer ein annan stad: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.

7Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til han som kunde frelsa han frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom,

8og soleis lærde han, endå han var Son, lydnad av det han leid;

9og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle som lyder han,

10med di Gud kalla han øvsteprest etter Melkisedeks vis.

11Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, etter di de hev vorte seinføre til å høyra.

12For endå de etter tidi skulde vore lærarar, treng de atter til at ein lærer dykk kva som er dei fyrste grunnar i Guds ord, og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda.

13For kvar den som fær mjølk, er urøynd i rettferds ord; for han er eit barn.

14Men fast føda er for vaksne, for dei som ved tame hev tilvande sansar til å skilja millom godt og vondt.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.