Hebrews 3NO1938N

1Difor, heilage brør, de som hev fenge lut i eit himmelsk kall, sjå på den apostel og øvsteprest som me kjennest ved, Jesus,

2han som var trufast mot den som gjorde han til det, liksom Moses var i heile hans hus!

3For denne er halde som mykje større æra verd enn Moses, som den som hev bygt huset, hev større æra enn huset sjølv.

4Kvart hus er einkvan som byggjer, men den som hev bygt alt, det er Gud;

5og Moses var trufast i heile hans hus som ein tenar til å vitna um det som skulde talast,

6men Kristus som Son yver huset hans, og hans hus er me, so framt me held vårt frimod og den voni me rosar oss av, fast alt til enden.

7Difor, som den Heilage Ande segjer: I dag, um de høyrer hans røyst,

8so forherd ikkje hjarto dykkar som på argingsstaden, på freistingsdagen i øydemarki,

9der federne dykkar freista dei meg; dei prøvde meg, endå dei såg mine gjerningar i fyrti år;

10difor harmast eg på denne ætti og sa: Dei fer alltid vilt i hjarta; men dei kjende ikkje mine vegar,

11so eg svor i min vreide: Sanneleg, dei skal aldri koma inn til mi kvila!

12Sjå til, brør, at det ikkje i nokon av dykk er eit vondt, vantruande hjarta, so han fell frå den levande Gud!

13Men påminn kvarandre kvar dag, so lenge som det heiter: i dag, so ikkje nokon av dykk skal verta forherd ved dåring av syndi!

14For me hev fenge lut med Kristus, so framt me held vår fyrste vissa fast til enden.

15Når det vert sagt: I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje hjarto dykkar som på argingsstaden,

16kven var det då som høyrde, men endå arga han? var det ikkje alle dei som gjeng ut or Egyptarland ved Moses?

17Men kven var det han hadde harmast på i fyrti år? var det ikkje på dei som hadde synda so deira kroppar fall i øydemarki?

18Og kven var det han svor um at dei ikkje skulde koma inn til hans kvila, utan um dei som ikkje vilde tru?

19So ser me då at det var for vantru skuld dei ikkje kunde koma inn.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.