1Etter at Gud fordom hadde tala mange gonger og på mange måtar til federne gjenom profetane, so hev i desse siste dagar tala til oss gjenom Sonen,
2han som han hev sett til erving yver alle ting, og som han hev gjort verdi ved,
3han som er avglansen av hans herlegdom og avbiletet av hans grunnhått, og ber alle ting ved sitt veldes ord, og som difor, då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handi åt Majesteten i det høge,
4og han hev vorte so mykje hævare enn englane, som han hev ervt eit herlegare namn framfor dei.
5For kven av englane hev han nokosinne sagt det til: Du er son min, eg hev født deg i dag? eller: Eg vil vera far for han, og han skal vera son min?
6Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verdi, segjer han: Og alle Guds englar skal tilbeda han.
7Og um englane segjer han: Han som gjer englane sine til vindar og tenarane sine til eldsloge,
8Men um Sonen: Din kongsstol, Gud, stend i all æva, og ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike;
9du elska rettferd og hata urett; difor hev, Gud, din Gud salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.
10Og: Du, Herre, grunnfeste jordi frå upphavet, og himlane er verk av dine hender;
11dei skal forgangast, men du vert verande, og dei skal alle eldast som ein klædnad,
12og som ei kåpa skal du rulla dei i hop, og dei skal verta umskifte; men du er den same, og dine år skal aldri taka ende.
13Men kven av englane hev han nokon gong sagt det til: Set deg ved mi høgre hand, til dess eg fær lagt dine fiendar til skammel for dine føter?
14Er dei ikkje alle saman tenande ånder, som vert utsende til tenesta for deira skuld som skal erva frelsa?