Bible

Power Up

Your Services with User-Friendly Software

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Genesis 7

:
Norwegian - NO1938N
1 So sa Herren til Noah: Gakk inn i arki, du og heile ditt hus! For deg hev eg røynt for ein rettvis mann i denne ætti.
2 Av alle reine dyr skal du taka deg ut sju par, han og ho, og av dei dyri som ikkje er reine, eitt par, han og ho;
3 like eins av fuglane i lufti sju par, han og ho, so elde kann haldast i live utyver all jordi.
4 For um sju dagar vil eg lata det regna jordi i fyrti jamdøger, og rydja ut av verdi kvart liv eg hev skapt.
5 Og Noah gjorde i alle måtar so som Herren sa han fyre.
6 Noah var seks hundrad år gamal storflodi kom med vatn yver jordi.
7 gjekk Noah og sønene hans og kona hans og konone åt sønene hans med han inn i arki og berga seg for flaumen.
8 Og av dei reine dyri og av dei dyri som ikkje er reine, og av fuglane og av alt det som krelar marki,
9 kom par og par, han og ho, inn i arki til Noah, so som Gud hadde sagt Noah fyre.
10 no dei sju dagane var lidne, kom vatnet fløymande yver jordi.
11 Den syttande dagen i den andre månaden i det året Noah var seks hundrad år gamal, den dagen brast alle brunnar i stordjupet, og himmel-lukone let seg upp.
12 Og regnet fossa ned jordi i fyrti dagar og fyrti næter.
13 Denne same dagen gjekk Noah og Sem og Kam og Jafet, sønene hans Noah, og kona hans Noah og dei tri sonekonone hans med dei inn i arki,
14 dei og alle villdyr, kvart etter sitt slag, og alt bufe, kvart etter sitt slag, og alt krek som krelar jordi, kvart etter sitt slag, og alle fuglar, kvar etter sitt slag: alt som flyg, alt som hev venger.
15 Og dei kom inn i arki til Noah, tvo og tvo av alt kjøt som det var livsande i.
16 Og dei som kom inn, var han og ho av alt kjøt, so som Gud hadde sagt han fyre. Og Herren let att etter han.
17 So kom flodi veltande yver jordi i fyrti dagar, og vatnet auka og lyfte arki, so ho flaut upp ifrå jordi.
18 Og vatnet voks og auka uhorveleg utyver jordi, og arki dreiv burtyver vatnet.
19 Og vatnet steig høgre og høgre yver jordi, so alle dei høge fjelli under heile himmelen vart gøymde.
20 Femtan alner yver jordi steig vatnet, og fjelli vart gøymde.
21 døydde alt kjøt som røyvde seg jordi, både fuglar og bufe og villdyr og alt det som urde og krydde jordi, og alt folket.
22 Alt som hadde livsandedrag i si nos, alt som var det turre landet, døydde.
23 So rudde han ut kvart liv som jordi fanst, både folk og fe og krek og fuglane i lufti. Dei vart utrudde av verdi, og att vart berre Noah og det som var med han i arki.
24 Og vatnet flødde yver jordi i hundrad og femti dagar.