Genesis 40NO1938N

1Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egyptarland forsåg seg mot herren sin, kongen i Egyptarland.

2Og Farao vart harm på båe hirdmennene sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren,

3og sette dei faste hjå hovdingen yver livvakti, i tårnet der Josef sat fanga.

4Og hovdingen yver livvakti sette Josef til å sjå til dei, og han gjekk dei til handa. Og dei vart sitjande ei tid i fangehuset.

5Ein gong hadde dei kvar sin draum, dei tvo, skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egyptarland, dei som sat fanga i tårnet; i ei og same natti hadde dei kvar sin draum, og draumane deira hadde kvar si meining.

6Og Josef kom inn til dei um morgonen, såg han det på dei at dei var i ulag.

7Då tala han til hirdmennene åt Farao, dei som sat fengsla med han hjå husbonden hans, og spurde: Kvi er de so sturne av dykk i dag?

8Dei svara: Me hev drøymt, og det er ingen som kann tyda draumane våre. Då sa Josef til dei: Er det ikkje Gud som råder for uttydingi? Seg de meg kva de hev drøymt!

9So fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin og sa til han: Eg tykte so skilleg det stod eit vintre framfyre meg,

10og på det vintreet var det tri greiner. Og det syntest skjota knuppar, blomane spratt, krasane mogna til druvor.

11Og staupet åt Farao held eg i handi, eg druvone tok eg og kreista utor dei upp i staupet åt Farao, og so rette eg staupet til Farao.

12Og Josef sa til han: Dette er so å tyda: Dei tri greinene, det er tri dagar.

13Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og setja deg inn att i romet ditt, og du skal retta staupet til Farao, som du fyrr var van med å gjera, den tid du var skjenkjaren hans.

14Men koma no i hug meg, når du hev fenge det godt! Kjære vene, gjer vel og tal um meg til Farao, so eg kann koma ut or dette huset!

15For eg er stolen frå Hebrearlandet, og her hev eg ikkje gjort noko som dei skulde setja meg i fangeholet for.

16Då bakarmeisteren såg at han hadde gjeve so god ei uttyding, sa han til Josef: Eg tykte so skilleg eg bar tri korger med kveitebrød uppå hovudet.

17Og i den øvste korgi var allslags kakor, som var baka åt Farao, og fuglane åt dei upp utor korgi på hovudet mitt.

18Og Josef tok til ords og sa: Dette er so å tyda: Dei tri korgene, det er tri dagar.

19Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og hogge det av deg; so skal han hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av deg.

20So hende det den tridje dagen - det var årmålsdagen åt Farao - då gjorde han eit gjestebod for alle mennene sine; og han rette upp hovudet åt skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren midt imellom mennene sine.

21Han sette skjenkjarmeisteren inn att i embetet hans, so han fekk retta staupet til Farao,

22og bakarmeisteren hengde han, so som Josef hadde spått dei.

23Men skjenkjarmeisteren kom ikkje i hug Josef; han gløymde han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Genesis 40.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.