Genesis 4NO1938N

1Og Adam budde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn og åtte Kain. Då sa ho: Ein mann hev eg fenge av Herren!

2Sidan åtte ho Abel, bror hans. Og Abel vart sauehyrding, og Kain vart jorddyrkar.

3Og det hende då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki.

4Og Abel bar og fram ei gåva, og han gav av frumselambi or fenaden sin og feittet deira. Og Herren såg blidt til Abel og gåva hans,

5men ansa ikkje Kain og hans gåva. Då vart Kain brennande harm, og stirde nedfyre seg.

6Og Herren sa til Kain: Kvi er du harm, og kvi stend du og stirer nedfyre deg?

7Hev du godt i tankar, kann du ikkje då lyfta upp augo. Men hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi framfyre døri og lurer. Ho trår etter deg, men du lyt halda henne i age.

8Og Kain tala med Abel, bror sin. Og det gjekk so til medan dei var utpå marki, at Kain rauk på Abel, bror sin, og slo han i hel.

9Då sa Herren til Kain: Kvar er Abel, bror din? Og han svara: Eg veit ikkje. Skal eg gjæta bror min?

10Då sa han: Kva hev du gjort! Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jordi!

11Og no skal du vera bannlyst frå den jordi som let upp munnen og tok imot blodet åt bror din av di hand.

12Når du dyrkar marki, skal ho ikkje meir gjeva deg sin avle. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jordi.

13Då sa Kain til Herren: Skuldi mi er større enn at eg kann bera.

14Sjå, du hev i dag drive meg ut or landet, og eg lyt løyna meg for dine augo og vera heimlaus og fredlaus på jordi, og kven som finn meg, kjem til å slå meg i hel.

15Då sa Herren til han: Nei! for drep nokon Kain, so skal det hemnast sju gonger. Og Herren gav Kain eit merke, so dei ikkje skulde slå han i hel, kven som fann han.

16So hadde Kain seg utor Herrens augo, og busette seg i eit land som heiter Nod, austanfor Eden.

17Og Kain budde saman med kona si, og ho vart med barn og åtte Hanok. Sidan tok han seg til å byggja ein by og kalla byen Hanok etter son sin.

18Og Hanok vart far til Irad; og Irad fekk sonen Mehujael, og Mehujael fekk sonen Metusael, og Metusael fekk sonen Lamek.

19Og Lamek tok seg tvo konor. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla.

20Og Ada åtte sonen Jabal. Frå han er dei ætta dei som bur i tjeldbuer og held buskap.

21Og bror hans heitte Jubal. Frå han er dei ætta all dei som spelar på harpa og fløyta.

22Og Silla åtte og ein son. Han vart kalla Tubalkain; og han smidde alle slag bitjarn, både av kopar og av jarn. Og syster åt Tubalkain heitte Na'ama.

23Og Lamek sa til konone sine: Ada og Silla, høyr mine ord, Lameks konor, lyd på mi røyst! Ein mann drep eg for kvart sår og ein svein for kvar skråma eg fær.

24For Kain skal hemnast sju gonger, men Lamek sju og sytti gonger.

25Og Adam budde med kona si som han fyrr hadde gjort, og ho åtte ein son og kalla han Set. For Gud hev sett meg ein annan son i staden hans Abel, sa ho, for di Kain slo han i hel.

26Og Set fekk og ein son og kalla han Enos. Då tok dei til å kalla på Herren.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Genesis 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.