Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Genesis 23

:
Norwegian - NO1938N
1 Alderen hennar Sara vart hundrad og sju og tjuge år gamal; det var leveåri hennar Sara.
2 Og Sara døydde i Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Kana'ans land. Og Abraham gjekk heim og øya og gret yver Sara.
3 Sidan reis Abraham upp og gjekk burt ifrå liket og han tala til Hets-borni og sa:
4 Ein framand er eg imillom dykk, ein utlending. Lat meg ein gravstad til eige hjå dykk, so eg kann gøyma henne som eg hev mist.
5 svara Hets-borni Abraham og sa til han:
6 Høyr her, gode herre! Ein Guds hovding er du millom oss. I den beste av gravene våre kann du jordi henne som du hev mist. Ingen av oss skal meinka deg gravi si til å jorda henne i.
7 reiste Abraham seg og bøygde seg for landslyden, for Hets-borni,
8 og so tala han med dei og sa: Samtykkjer de i at eg gøymer henne som eg hev mist, so gjer vel og tel for Efron, son åt Sohar,
9 at han let meg Makpelahelleren, som han eig, og som ligg i utkanten av gjordet hans. Han skal gode pengar for han, er so han vil selja meg han, her midt imillom dykk, til eigande gravstad.
10 Men Efron sat midt millom Hets-borni, og Efron, hetiten, svara Abraham so dei høyrde det, Hets-borni, alle dei som sokna til tingstaden hans, og sa:
11 Nei, høyr her, gode herre! Dette gjordet gjev eg deg, og helleren som er der, den gjev eg deg og, for augo åt landsmennene mine gjev eg deg han. Jorda du henne som du hev mist!
12 bøygde Abraham seg for landslyden,
13 og han tala til Efron so landslyden høyrde det, og sa: Gjev du vilde høyra meg! Eg legg det som gjordet er verdt. Tak imot det av meg, so eg der kann jorda henne som eg hev mist!
14 Og Efron svara Abraham og sa til han:
15 Høyr her, herre! Eit jordstykke som er verdt fire hundrad sylvsekel, kva er det millom meg og deg? Jorda du henne som du hev mist!
16 Og Abraham skyna kva Efron meinte, og Abraham vog upp åt Efron det sylvet han hadde tala um medan Hets-borni høyrde det, fire hundrad sylvsekel, av dei som gjekk og galdt millom kjøpmennene.
17 Og gjordet hans Efron i Makpela, som ligg austanfor Mamre, både gjordet og helleren som der er, og alle dei tre som gjordet voks, so vidt det rokk rundt i kring, vart skøytt
18 til Abraham so dei såg det, Hets-borni, alle dei som sokna til tingstaden hans.
19 Sidan jorda Abraham Sara, kona si, i helleren Makpelagjordet, austanfor Mamre, der Hebron no ligg, i Kana'ansland.
20 Og gjordet med helleren som var der, kom frå Hets-borni yver Abrahams hender, so han fekk det til eigande gravstad.