Genesis 15NO1938N

1Ei tid etter dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde so: Ver ikkje ottefull, Abram! Eg er din skjold! Løni di skal vera ovleg stor.

2Då sa Abram: Herre, Herre, kva vil du gjeva meg? Barnlaus fer eg min veg, og den som vert eigande huset mitt, er Elieser frå Damaskus.

3Sjå meg hev du ikkje gjeve barn, sa Abram, og ein tenar som er fødd i huset mitt kjem til å erva meg.

4Men sjå då kom Herrens ord til han, og det lydde so: Nei, han skal ikkje erva deg, men ein som er komen av ditt eige blod, skal erva deg.

5Og han leidde han utanfor og sa: Sjå upp til himmelen og tel stjernone, um du er god til. So tallaus, sa han til han, skal ætti di verta.

6Og Abram trudde Herren, og det rekna han honom til rettferd.

7Og han sa til han: Eg er Herren, som leidde deg ut frå Ur i Kaldea, og eg vil gjeva deg dette landet til eiga.

8Og Abram sa: Herre, Herre, kva vissa skal eg hava på det at eg skal få det til eiga?

9Då sa Herren til han: Henta meg ei triæringskviga og ei triæringsgeit og ein triæringsver og ei turtelduva og ein duveunge!

10So henta Abram alt dette åt han og skar dyri midt i tvo og la den eine luten av kvart dyr beint imot det andre. Men fuglane skar han ikkje sund.

11Og rovfuglar kom dalande ned på kjøtet, men Abram jaga dei burt.

12Då det so leid til at soli vilde glada, kom det ein tung svevn på Abram, og gruv, stort myrker, kom yver han.

13Og han sa til Abram: Det skal du vita, at ætti di skal halda til i eit land som ikkje er deira, og dei skal træla for folket der og tola mykje vondt av det i fire hundrad år.

14Men det folket som dei lyt træla for, vil eg og døma; og sidan skal dei draga ut med mykje gods.

15Og du skal fara i fred til federne dine og ganga i gravi i ein god alderdom.

16Og i den fjorde mannsalderen skal dei koma hit att; for endå vantar det noko på syndeskuldi åt amoritane fyrr målet er fullt.

17No var soli gladd, og det var stumende myrkt. Då fekk han sjå ein rjukande omn og ein eldsloge som for fram millom kjøtstykki.

18Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarlandselvi alt til den store elvi, til Fratelvi,

19landet åt kenitane og kenisitane og kadmonitane

20og hetitane og ferisitane og refa'itane

21og amoritane og kana'anitane og girgasitane og jebusitane.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Genesis 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.