Genesis 13NO1938N

1So for Abram frå Egyptarland upp til sudlandet med kona si og alt det han åtte. Og Lot var med han.

2Og Abram var ovleg rik, både på bufe og på sylv og gull.

3Sidan for han frå sudlandet, dagslei etter dagslei, til dess han kom til Betel, til den staden som han fyrr hadde havt tjeldbui si, millom Betel og Ai,

4der det altaret stod som han hadde bygt fyrste gongen han var der. Og der kalla Abram på Herren.

5Men Lot, som fylgdest med Abram, hadde og sauer og naut og tjeldbuer.

6Og landet kunde ikkje føda dei når dei budde i hop; dei hadde so mykje fe at dei kunde ikkje bu saman.

7So vart det trette millom dei som gjætte for Abram, og dei som gjætte for Lot. Og kana'anitane og ferisitane budde då der i landet.

8Då sa Abram til Lot: Kjære deg, lat det ikkje vera tretta millom meg og deg og millom mine hyrdingar og dine. Me er då brør!

9Hev du ikkje heile landet fyre deg? Skil då heller lag med meg! Tek du til vinstre, so skal eg taka til høgre, og tek du til høgre, so skal eg taka til vinstre.

10Då skoda Lot i kring seg og og såg at heile Jordansletta, alt burtåt Soar, var rik på vatn yver alt, som Herrens hage, som Egyptarlandet - det var fyrr Herren hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde.

11Og Lot valde seg ut heile Jordansletta. So tok Lot austigjenom, og dei skildest frå einannan.

12Abram vart buande i Kana'anslandet. Og Lot budde i byane på Jordansletta og lægra alt burtåt Sodoma.

13Men mennene i Sodoma var vondt og synda groveleg mot Herren.

14Og Herren sa til Abram etter Lot hadde skilt lag med han: Lat upp augo dine og sjå ikring deg frå den staden du stend, nordetter og sudetter, og mot austetter og vestetter!

15For alt det landet du ser, vil eg gjeva deg og di ætt til æveleg tid.

16Og eg vil lata ætti di verta som dusti på jordi; kann nokon telja dusti på jordi, so kann dei og telja di ætt.

17Upp og far landet igjenom, so langt og so breidt som det er! For deg vil eg gjeva det.

18So flutte Abram tjeldbuene og kom til terebintelunden åt Mamre i Hebron. Der vart han buande, og bygde Herren eit altar.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Genesis 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.