Genesis 10NO1938N

1Dette er dei ættene som hev kome frå sønene hans Noah, Sem og Kam og Jafet: Dei fekk søner etter storflodi hadde vore.

2Sønene hans Jafet var Gomer og Magog og Madai og Javan og Tubal og Mesek og Tiras.

3Sønene hans Gomer var Askenas og Rifat og Togarma.

4Sønene hans Javan var Elisa og Tarsis, og Kittim og Dodanim.

5Frå dei hev folki på heidningstrendene greina seg ut i landi sine, kvart med sitt tungemål, etter sine ætter, i sine folkeslag.

6Sønene hans Kam var Kus og Misra'im og Put og Kana'an.

7Sønene hans Kus var Seba og Havila og Sabta og Raema og Sabteka, og sønene hans Raema var Sjeba og Dedan.

8Kus fekk sonen Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jordi.

9Han var ein veldig veidemann i Herrens augo. Difor segjer folk: Ein veldig veidemann i Herrens augo, som Nimrod.

10Fyrst rådde han yver Babel og Erek og Akkad og Kalne i Sinearlandet.

11Frå det landet for han til Assur, og bygde Ninive og Rehobot-Ir og Kalah

12og Resen millom Ninive og Kalah; dette er Storstaden.

13Misra'im vart far til ludarane og anamarane og lehabarane og naftuharane,

14og patrusarane og kasluharane, dei som filistarane hev kome frå, og kaftorarane.

15Kana'an vart far til Sidon - det var den fyrste sonen hans - og til Het

16og til jebusitane og amoritane og girgasitane

17og hevitane og arkitane og sinitane,

18og arvaditane og semaritane og hamatitane. Sidan breidde kana'anitarættene seg vidare ut.

19Og landskilet åt kana'anitane gjekk frå Sidon til Gasa, når ein tek leidi burtimot Gerar, og til Lesa, når ein tek leidi burtimot Sodoma og Gomorra og Adma og Sebo'im.

20Dette var Kams-borni, etter sine ætter, med sine tungemål, i sine land og folkeslag.

21Og Sem, eldste bror hans Jafet, han fekk og born; han er det som alle Ebers-borni er ætta frå.

22Og sønene hans Sem var Elam og Assur og Arpaksad og Lud og Aram.

23Og sønene hans Aram var Us og Hul og Geter og Mas.

24Og Arpaksad fekk sonen Salah, og Salah fekk sonen Eber.

25Og Eber fekk tvo søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart menneski spreidde utyver jordi. Og bror hans heitte Joktan.

26Og Joktan vart far til Almodad og Salef og Hasarmavet og Jarah

27og Hadoram og Usal og Dikla

28og Obal og Abimael og Sjeba

29og Ofir og Havila og Jobab; alle desse var sønene hans Joktan.

30Og dei budde i Austfjellet, frå Mesa og burtimot Sefar.

31Dette var Sems-borni, etter sine ætter, med sine tungemål, i sine land, i sine folkeslag.

32Dette var dei ættene som hev kome frå sønene hans Noah, etter sine ættegreiner, i sine folkeslag. Og frå dei hev folkeslagi greina seg ut yver jordi etter storflodi.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Genesis 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.