Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Galatians 2

:
Norwegian - NO1938N
1 Fjortan år etter drog eg upp til Jerusalem att med Barnabas og tok Titus og med.
2 Men det var etter ei openberring eg for dit. Og eg la fram for dei, serleg for dei som galdt mest, det evangeliet som eg forkynner millom heidningane, um eg vel laupte eller hadde laupt til fåfengs.
3 Men ikkje ein gong Titus, som var med meg, vart nøydd til å lata seg umskjera, enda han var grekar -
4 og det for dei falske brørne skuld som hadde snikt seg inn og var komne og vilde lura den fridomen som me hev i Kristus Jesus, so dei kunde oss under trældom.
5 Men for dei veik me ikkje ein augneblink i nokor etterlæta, for at sanningi i evangeliet skulde standa fast hjå dykk.
6 Men dei som galdt for å vera noko - kor store dei var, kjem ikkje meg ved; Gud gjer ikkje skil folk - dei som galdt mest, la ikkje meg noko meir;
7 tvert imot: dei såg at det var yverlate til meg å forkynna evangeliet for dei u-umskorne, liksom til Peter for dei umskorne
8 - for han som gav Peter kraft til aposteltenesta millom dei umskorne, han gav og meg kraft til det millom heidningane -
9 og dei fekk vita um den nåden som var meg gjeven, so gav Jakob og Kefas og Johannes, dei som galdt for å vera hovudstolpar, meg og Barnabas si høgre hand til samfund, at me skulde ganga til heidningane, men dei til dei umskorne,
10 berre at me skulde hugsa dei fatige, og nett det hev eg lagt vinn å gjera.
11 Men Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot beint upp i augo, av di det var klaga han.
12 For fyrr det kom nokre frå Jakob, åt han i lag med heidningane; men dei kom, heldt han seg undan og skilde seg ifrå, av di han var redd dei umskorne.
13 Og med han hykla dei andre jødane og, so jamvel Barnabas vart dregen med inn i hyklingi deira.
14 Men eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanningi i evangeliet, sa eg til Kefas so alle høyrde på: Når du som er jøde, lever som heidning og ikkje som jøde, kor kann du nøyda heidningane til å leva som jødar?
15 Me er fødde jødar og ikkje syndarar av heidning-ætt;
16 men me skyna at eit menneske ikkje vert rettferdiggjort av lovgjerningar, men ved tru Kristus Jesus, so trudde me og Kristus Jesus, so me kunde verta rettferdiggjorde av tru Kristus og ikkje av lovgjerningar; for av lovgjerningar vert inkje kjøt rettferdiggjort.
17 Men um det no, med di me søkte å verta rettferdiggjorde i Kristus, synte seg at me og var syndarar - skulde so Kristus vera ein tenar for synd? Nei, langt ifrå!
18 for dersom eg byggjer upp att det same som eg reiv ned, so syner eg meg sjølv som ein lovbrjotar.
19 For eg er ved lovi daud for lovi, so eg kann leva for Gud;
20 eg er krossfest med Kristus, eg lever ikkje sjølv meir, men Kristus lever i meg, og det livet eg no lever i kjøtet, det lever eg i trui Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.
21 Eg aktar ikkje Guds nåde for inkje; for dersom rettferd er å vinna ved lovi, so døydde Kristus utan grunn.