1No skal eg nemna dei ættehovdingane som drog med meg upp frå Babel medan Artaxerxes rådde for riket, og eg skal nemna ættene dei høyrde til:
2Av Pinhas-sønene Gersom; av Itamars-sønene Daniel; av Davids-sønene Hattus;
3av Sekanja-sønene - av Paros-sønene - Sakarja, og med han vart hundrad og femti menner uppskrivne i ættetavla;
4av Pahat-Moabs-sønene Eljoenai Serahjason, og med han tvo hundrad menner;
5av Sekanja-sønene Jahasiels son, og med han tri hundrad menner;
6av Adins-sønene Ebed Jonatansson, og med han femti menner;
7av Elams-sønene Jesaja Ataljason, og med han sytti menner;
8av Sefatja-sønene Sebadja Mikaelsson, og med han åtti menner;
9av Joabs-sønene Obadja Jehielsson, og med han tvo hundrad og attan menner;
10av Selomits-sønene Josifjas son, og med han hundrad og seksti menner;
11av Bebai-sønene Sakarja Bebaison, og med han åtte og tjuge menner;
12av Asgads-sønene Johanan Hakkatansson, og med han hundrad og ti menner;
13av Adonikams-sønene nokre som kom sidan - dei heitte Elifelet, Je'iel og Semaja - og med dei seksti menner;
14av Bigvai-sønene Utai og Sabbud og med dei sytti menner.
15Eg samla dei attmed den elvi som renn til Ahava; der låg me i læger tri dagar. Men då eg gav gaum på folket og prestane, fann eg ingen av Levi-sønene der.
16Då sende eg bod etter Elieser og Ariel og Semaja og Elnatan og Jarib og Elnatan og Natan og Sakarja og Mesullam, som alle var ættehovdingar, og Jojarib og Elnatan, som var lærarar,
17og bad dei fara ut til Iddo, gjævaste mannen i Kasifja, og eg sa dei fyre korleis dei skulde tala til Iddo og bror hans, tempelsveinane i Kasifja, for å få dei til å sende oss tenestmenner for huset åt vår Gud.
18Og etter di Gud heldt si gode hand yver oss, sende dei oss ein vitug mann som heitte Serebja, ein av etterkomarane etter Mahli, son åt Levi Israelsson, og sønene og brørne hans, attan i talet,
19og Hasabja og med han Jesaja av Merari-ætti, brørne hans og sønene deira, tjuge i talet,
20og av tempelsveinane som David og hovdingane hadde sett til å tena levitane, tvo hundrad og tjuge sveinar, som alle var nemnde på namn.
21So lyste eg til ei fasta der, attmed Ahavaelvi, so med skulde audmykja oss for vår Guds åsyn og beda han um ei lukkeleg ferd for oss og borni våre og all eigedomen vår.
22For eg skjemdest å beda kongen um hermenner og hestfolk til å hjelpa oss mot fiendar på vegen, sidan me hadde sagt til kongen: Vår Gud held si hand yver alle som søkjer han, og let det ganga dei vel, men hans makt og hans vreide er yver alle som fell ifrå han.
23So fasta me då og bad vår Gud um hjelp, og han høyrde bøni vår.
24Sidan skilde eg ut tolv av dei øvste prestane og so Serebja, Hasabja med ti av brørne deira;
25og eg vog upp åt dei sylvet og gullet og eignelutene - den reida som kongen og rådgjevarane og hovdingane hans og alle dei Israels-mennene som budde der, hadde gjeve til huset åt vår Gud.
26Eg vog upp åt dei seks hundrad og femti talent sylv og sylvkoppar, verde hundrad talent, og attåt det hundrad talent gull
27og tjuge gullstaup, verde tusund darikar, og tvo fat av fin skinande kopar, dyre som gull.
28Og eg sa til dei: De er helga til Herren, og eignelutene er helga til han, og sylvet og gullet er ei friviljug gåva til Herren, dykkar fedre-Gud.
29Tak no vel vare på det til dess de kann vega det ut att i Jerusalem for augo åt dei øvste prestane og levitane og ættehovdingane åt Israel, i kovane i Herrens hus.
30So tok prestane og levitane imot det uppvegne sylvet og gullet og eignelutene for å føre det til Jerusalem, til huset åt vår Gud.
31Tolvte dagen i fyrste månaden tok me ut frå Ahavaelvi og drog av stad til Jerusalem, og vår Gud heldt si hand yver oss og berga oss frå fiendar som vilde taka på oss eller låg på lur mot oss på vegen.
32Då me kom til Jerusalem, kvilde me i tri dagar.
33Fjorde dagen vart sylvet og gullet saman med alle eignelutene vege i huset åt vår Gud og gjeve yver til Meremot Uriason, presten; Eleasar Pinhasson var med han og tok imot det like eins Josabad Josvason og Noadja Binnuison, levitane.
34Alt vart yvergjeve etter tal og vekt, og heile vekti vart samstundes uppskrivi.
35Dei som hadde sete fangar og no var komne heim att or utlægdi, bar fram brennoffer for Israels Gud; dei bar fram tolv uksar for heile Israel, seks og nitti verar, sju og sytti lamb og tolv syndoffer-bukkar - alt saman til brennoffer åt Herren.
36Sidan bar dei påbod frå kongen fram til jarlane og landshovdingane hans på hi sida elvi, og sidan hadde dei umsut både for folket og for Guds hus.