1Då sette kong Darius nokre menner til å granska etter i arkivet, som var nedlagt i skattkammeret i Babel.
2Og i borgi Ahmeta i Medialandet vart det funne ei bokrulla, som det var skrive soleis i: Til minne:
3I det fyrste året av kongedømet sitt sende Kyros ut dette påbodet: Um Guds hus i Jerusalem: Det huset skal byggjast upp att, so det vert ein stad der folk kann bera fram offer. Grunnvollen skal leggjast på nytt. Sjølve huset skal vera seksti alner høgt og seksti alner breidt,
4med tri lag store steinar og eitt lag nytt timber. Kostnaden skal greidast av kongehuset.
5Like eins skal dei eignelutene av gull og sylv som høyrde til Guds hus, men som Nebukadnesar hadde burt or templet i Jerusalem og førde til Babel, gjevast attende, so dei kjem på sin rette stad att i templet i Jerusalem - du skal setja dei inn i Guds hus.
6So lyt no du, Tatnai, landshovdingen på hi sida elvi, og du, Setar-Bosnai, embetsbrørne dykkar, afarsakitane, som bur på hi sida elvi, halda dykk burte derifrå.
7Legg ikkje mein i vegen for arbeidet på dette Guds hus! Lat landshovdingen åt jødane og styresmennene deira få reisa dette Guds hus på staden sin!
8Og so vil eg med det same hava sagt dykk fyre korleis de skal fara fram mot desse jødiske styresmennene, so dette Guds hus kann verta bygt: Dei utgiftene desse mennene hev, skal heilt og fullt greidast av dei innkomone som kongen fær av skatten frå landet på hi sida elvi, so arbeidet ikkje vert hindra.
9Og alt som trengst, både kalvar og verar og lamb til brennoffer åt Gud i himmelen, og kveite, salt, vin og olje, skal sendast dei dag for dag utan skort, etter fyresegn frå prestane i Jerusalem,
10so dei kann bera fram offer til ein god ange for Gud i himmelen og beda um eit langt liv for kongen og borni hans.
11Det vil eg og hava sagt at um nokon gjer imot dette bodet, so skal dei rivast ein bjelke ut or huset hans, og den skal han hengjast upp på og neglast fast til, og huset hans skal gjerast til ein møkdunge, for di han hev fare soleis åt.
12Gjev so at den Gud som hev late namnet sitt bu der, må slå ned alle kongar og folk som retter ut handi til å gjera imot dette bodet og vil øydeleggja Guds hus i Jerusalem! Eg, Darius, hev gjeve dette bodet; og alle lyt halda seg grant etter det.
13So gjorde då Tatnai, landshovdingen på hi sida elvi, og Setar-Bosnai og embetsbrørne deira i alle måtar soleis som kong Dairus hadde fyreskrive.
14Og styresmennene åt jødane heldt på med byggjingi og hadde god framgang, medan Haggai, profeten, og Sakarias Iddoson studde dei med profetordi sine. Dei bygde og fullførde arbeidet etter Israels Guds vilje og etter fyresegn frå Kyros og Dairus og Artaxerxes, persarkongen.
15So vart då dette huset fullt ferdigt til tridje dagen i adar månad i sette styringsåret åt kong Dairus.
16Og Israels-borni - prestane og levitane og alle dei andre som var komne heim att or utlægdi - heldt høgtid og vigde dette Guds hus med fagnad.
17I den tempelvigsla ofra dei hundrad uksar, tvo hundrad verar, fire hundrad lamb og syndoffer for heile Israels tolv bukkar etter talet på Israels-ættene.
18Og dei sette inn prestane etter skrifti deira og levitane etter flokkane deira til å syta for gudstenesta i Jerusalem, soleis som det var fyreskrive i Moseboki.
19So held dei heimkomne påskehelg fjortande dagen i fyrste månaden.
20For då hadde prestane og levitane reinsa seg og var alle som ein reine, so dei kunde slakta påskelambet for alle dei heimkomne og for brørne sine, prestane, og for seg sjølve.
21Og Israels-borni åt påskelambet, både dei som var komne heim att or utlægdi, og alle som hadde skilt seg med ureinskapen åt dei heidningane som budde der i landet, og gjeve seg i lag med dei, av di dei vilde søkja Herren, Israels Gud.
22Og dei heldt usyrdebrødhelgi med fagnad i sju dagar; for Herren hadde gledt dei og vendt hjarta åt Assur-kongen til dei, so han studde dei i arbeidet på Guds hus - huset åt Israels Gud.