Ezekiel 5NO1938N

1Og du menneskeson, tak deg eit kvast sverd! Bruk det til rakekniv og far yver hovudet og skjegget med det, og tak deg so ei skålvekt og skift det du hev raka av!

2Ein tridjepart skal du brenna upp midt i byen, når kringsetjingsdagane er lidne, og ein tridjepart skal du taka og hogga i med sverdet rundt ikring byen, og ein tridjepart skal du spreida for vinden, og med drege sverd vil eg setja etter dei.

3Men nokre få hår skal du taka undan og knyta inn i kjolesnippane dine,

4og av dei att skal du taka nokre og kasta dei midt inn i elden og brenna dei upp; derifrå skal koma eld yver all Israels-lyden.

5So segjer Herren Gud: Dette Jerusalem, sette eg midt millom heidningfolki og la land rundt ikring det;

6men det sette seg upp mot mine lover, so det var ugudlegare enn heidningfolki, og mot mine bod so det var ugudlegare enn landi rundt ikring; for dei vanda mine lover og heldt seg ikkje etter mine bod.

7Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Av di det hev rasa verre enn heidningfolki som bur rundt ikring dykk, av di de ikkje hev halde dykk etter mine bod og ikkje gjort etter mine lover, ja, ikkje ein gong gjort etter lovene åt heidningfolki som bur rundt ikring dykk,

8difor segjer Herren Israels Gud, so: Sjå, eg kjem yver deg, eg og, og eg vil halda dom hjå deg for augo på heidningfolki,

9og eg vil gjera med deg slikt som eg aldri fyrr hev gjort og aldri meir vil gjera maken til - for all styggedomen din.

10Difor skal foreldre eta borni sine hjå deg, og born skal eta foreldri sine, og eg vil halda dom hjå deg, og spreida alt som vert att av deg, for alle vindar.

11Difor, so visst som eg lever, segjer Herren Israels Gud, sanneleg, etter di du hev sulka min heilagdom med alle dei ufyselege avgudane dine og all styggedomen din, so vil eg og snu auga mitt ifrå deg utan nåde og ikkje spara deg.

12Tridjeparten av deg skal døy av sott og setja til av svolt midt i deg, og tridjeparten skal falla for sverd rundt ikring deg, og tridjeparten vil eg spreida for alle vindar og elta med drege sverd.

13All min vreide skal verta utrend, og eg vil svala min harm på dei og taka hemn; då skal dei sanna at eg, Herren, hev tala i min brennhug, når eg renner ut all min harm på dei.

14Og eg vil gjera deg til ei audn og til spott millom folki som bur rundt ikring deg, for augo på kvar ein som fer framum,

15du skal verta åt spott og hæding, til ei åtvaring og skræma for folki som bur rundt ikring deg, når eg held dom yver deg med vreide og harm og med harmfulle refsingar - eg, Herren hev tala -

16når eg sender inn ibland dei vonde hunger-pilene, som er etla til tynarverk, dei som eg sender til å tyna dykk med, når eg haugar upp hunger yver dykk og bryt sund brød-staven for dykk.

17Eg vil senda yver dykk svolt og udyr, og dei skal gjera deg barnlaus, og sott og blod skal ganga yver deg, og sverd vil eg lata koma yver deg; eg Herren, hev tala.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.