Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

Ezekiel 48

:
Norwegian - NO1938N
1 Namni ættene er: Frå nordenden langs med Hetlonvegen til burtimot Hamat og Hasar-Enan attmed Damaskusskilet, der skal Dan eiga frå austsida til havet: Dan ein lut.
2 Frammed Dansskilet, frå austsida til vestsida: Aser ein lut.
3 Frammed Asersskilet, frå austsida til vestsida: Naftali ein lut.
4 Frammed Naftaliskilet, frå austsida til vestsida: Manasse ein lut.
5 Frammed Manasseskilet, frå austsida til vestsida: Efra'im ein lut.
6 Frammed Efra'imsskilet, frå austsida til vestsida: Ruben ein lut.
7 Frammed Rubensskilet, frå austsida til vestsida: Juda ein lut.
8 Frammed Judaskilet, frå austsida til vestsida, skal det landstykket vera som de skal gjeva i reida til Herren; det skal vera fem og tjuge tusund stenger breidt og so langt som ein av ætte-lutene, frå austsida til vestsida, og midt i der skal heilagdomen vera.
9 Det landstykket som de skal gjeva Herren i reida, skal vera fem og tjuge tusund stenger langt og ti tusund breidt.
10 Og av denne heilage gåva skal prestane hava eit stykke, i nord fem og tjuge tusund stenger, i vest ti tusund breiddi, i aust ti tusund breiddi, og i sud fem og tjuge tusund lengdi; og midt i der skal Herrens heilagdom vera.
11 Prestane, dei som er helga utav Sadoks-sønene, dei som tok vare tenesta mi og ikkje for vilt Israels-borni villa seg burt, soleis som levitane villa seg burt,
12 dei skal hava det - ein lut av den landviddi som skal gjevast til Herren, eit høgheilagt stykke frammed skilet mot levitane.
13 Og frammed skilet mot prestane skal levitane hava fem og tjuge tusund stenger lengdi og ti tusund breiddi; lengdi skal i alt vera fem og tjuge tusund stenger, og breiddi ti tusund.
14 Dei skal ikkje selja eller byta burt noko av det, og denne fyrstegrøda av landet ikkje ganga yver i annan manns eiga; for ho er helga til Herren.
15 Dei fem tusund stenger som er att av breiddi, frammed dei fem og tjuge tusund, skal ikkje vera heilagt land; det skal vera til bruk for byen, til bustader og til utmark, og midt i der skal byen vera.
16 Og dette er målet han: Nordsida skal vera fire tusund og fem hundrad stenger, sudsida fire tusund og fem hundrad, austsida fire tusund og fem hundrad, og vestsida fire tusund og fem hundrad.
17 Og byen skal hava utmark, nordetter tvo hundrad og femti stenger, sudetter tvo hundrad og femti, austetter tvo hundrad og femti, og vestetter tvo hundrad og femti.
18 Det som vert att lengdi, frammed den heilage gåva, ti tusund stenger austetter og ti tusund vestetter, det skal vera frammed den heilage gåva, og grøda av det skal vera til mat åt arbeidsfolket i byen.
19 Arbeidsfolket i byen, av alle ættene i Israel, dei skal bruka det.
20 Heile gåva skal vera fem og tjuge tusund stenger lengdi og fem og tjuge tusund breiddi; ein fjordepart i høve til den heilage gåva skal den eiga vera som de let byen få.
21 Og fyrsten skal hava det som er att båe sidone av den heilage gåva og by-eiga, frammed luten som er fem og tjuge tusund stenger breid, til landskilet mot aust og vestetter frammed dei fem og tjuge tusund stengene til vestskilet, jamsides med ætte-lutene; det skal fyrsten hava, og den heilage gåva og det heilage huset skal liggja midt imillom.
22 Det som ligg millom Judaskilet og Benjaminsskilet, med levit-eiga og by-eiga i midten, det skal fyrsten hava.
23 So kjem hine ættene: Frå austsida til vestsida skal Benjamin hava ein lut.
24 Frammed Benjaminsskilet, frå austsida til vestsida: Simeon ein lut.
25 Frammed Simeonsskilet, frå austsida til vestsida: Issakar ein lut.
26 Frammed Issakarsskilet, frå austsida til vestsida: Sebulon ein lut.
27 Frammed Sebulonsskilet, frå austsida til vestsida: Gad ein lut.
28 Frammed Gadsskilet, sudsida, skal skilet mot sud ganga frå Tamar til Meribavatni attmed Kades; odelslandet skal til Storhavet.
29 Dette er det landet som de skal skifta ut til Israels-ættene av odelen, og dette er lutene deira, segjer Herren, Israels Gud.
30 Dette er utgrensone åt byen: nordsida skal målet vera fire tusund og fem hundrad stenger;
31 og byportane skal vera uppkalla etter ættene i Israel; tri av dei skal liggja i nord: Rubensporten ein, Judaporten ein, Leviporten ein.
32 austsida skal han halda eit mål fire tusund og fem hundrad stenger og hava tri portar: Josefsporten ein, Benjaminsporten ein, Dansporten ein.
33 Sudsida skal halda fire tusund og fem hundrad stenger og hava tri portar: Simeonsporten ein, Issakarsporten ein, Sebulonsporten ein.
34 Vestsida skal halda fire tusund og fem hundrad stenger og hava tri portar: Gadsporten ein, Asersporten ein, Naftaliporten ein.
35 Målet rundt ikring byen skal vera attan tusund stenger. Og namnet byen skal frå den dagen vera: Herren er der.