1I det tolvte året, den fyrste dagen i tolvte månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
2Menneskeson, set i med ein syrgjesong yver Farao, kongen i Egyptarland, og seg til han: Ei ungløva millom folki vilde du vera lik, og so var du som draken i havet, og du for fram i elvane dine og grugga upp vatnet med føtene dine og rota upp straumane.
3So segjer Herren, Israels Gud: Difor sender eg skarar av mange folkeslag til å breida ut garnet mitt yver deg, og dei skal draga deg upp med noti mi.
4Eg vil kasta deg upp på land og slengja deg burt på marki, og eg vil lata alle fuglar i lufti slå seg ned på deg og dyri på heile jordi metta seg med deg.
5Eg vil kasta kjøtet ditt upp på fjelli og fylla dalane med den store skrotten din.
6Eg vil vatna landet med blodflaumen frå deg alt upp til fjelli, og bekkefari skal verta fulle av deg.
7Og når let deg slokna, vil eg breida yver himmelen og klæda hans stjernor i svart; yver soli vil eg breida skyer, og månen skal ikkje skina meir.
8Alle skinande himmel-ljos vil eg klæda i svart for di skuld, og eg vil lata myrker koma yver landet ditt, segjer Herren, Israels Gud.
9Eg vil skapa sorg i hjarto på mange folkeslag, når eg let din undergang spyrjast millom folki, i land som du ikkje kjenner.
10Eg vil gjera mange folkeslag forfærde yver deg, og deira kongar skal rysja i holdet yver deg, når eg svingar mitt sverd framfor augo deira; dei skal bivra kvar augneblink, kvar og ein for sitt liv, den dagen du fell.
11For so segjer Herren, Israels Gud: Sverdet åt Babel-kongen skal koma yver deg.
12Din ståkande hop vil eg lata falla for sverdi at kjempor - valdsmenner millom folki er dei alle saman; dei skal tyna Egyptarlands ovmod, og heile den ståkande hopen skal verta øydd.
13Eg vil rydja ut alt feet der, som hev beitt attmed dei mange vatni, og ingen mannefot skal grugga dei meir, og ingi klauv skal grugga dei meir.
14Då vil eg lata vatni deira minka og løkene deira renna burt som olje, segjer Herren, Israels Gud,
15når eg gjer Egyptarlandet til ei audn, so landet ligg audt og tomt, av di eg slær ned alle som der bur; og dei skal sanna at eg er Herren.
16Ein syrgjesong er dette, og syngja han skal dei, folke-døtterne skal syngja han; yver Egyptarland med heile sin ståkande hop skal dei syngja han, segjer Herren, Israels Gud.
17I det tolvte året, den femtande dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
18Menneskeson, barma deg yver Egyptarlands ståkande hop og send han ned, han og døtterne åt herlege folkeslag, til nedheimen, saman med dei som fer ned i gravi!
19Gjeng du framum nokon i venleik? Far ned og legg deg hjå dei u-umskorne!
20Millom dei som er drepne med sverd, skal dei falla; sverdet er gjeve. Drag burt med det og med heile den ståkande hopen der!
21Hovdingane millom kjempone talar um han og hans hjelpesmenner midt utor helheimen: Ned er dei farne, der ligg dei, dei u-umskorne, drepne med sverd.
22Der er Assur og heile hans flokk, rundt ikring han er hans graver; alle er dei drepne, falne for sverd;
23han fekk sine graver inst inni hola, og hans flokk ligg rundt ikring hans grav; alle er dei drepne, falne for sverd, dei som breidde ut redsla i landet åt dei levande.
24Der er Elam og heile hans ståkande hop rundt ikring hans grav; alle er dei drepne, falne for sverd, dei som u-umskorne for ned til nedheimen, dei som hadde breidt ut redsla for seg i landet åt dei levande og bar si skam med dei som fer ned i gravi.
25Midt imillom drepne menner hev dei stelt til ei lega åt han med heile hans ståkande hop, rundt ikring han er hans graver; alle er dei u-umskorne, drepne med sverd, av di redsla for dei breidde seg i landet åt dei levande, og dei bar si skam med dei som fer ned i gravi; midt imillom drepne menner vart han lagd.
26Der er Mesek-Tubal og heile hans ståkande hop, rundt ikring han er hans graver; alle er dei u-umskorne, drepne med sverd, av di dei hadde breidt ut redsla for seg i landet åt dei levande.
27Skulde dei då ikkje liggja hjå kjempor, hjå dei som er falne av dei u-umskorne, som for ned i helheimen med sin stridsbunad og fekk sverdi sine lagde under sine hovud, og si misgjerning yver sine bein, av di det hadde vore redsla for kjempone i landet åt dei levande?
28Du og skal verta krasa midt ibland u-umskorne og liggja hjå dei som er drepne med sverd.
29Der er no Edom med sine kongar og alle sine fyrstar, som, med alt sitt velde, er lagde hjå dei som er drepne med sverd; dei skal liggja hjå dei u-umskorne og hjå dei som fer ned i gravi.
30Der er no fyrstane frå Norderland alle saman, og alle Sidon-buane, som for ned med dei drepne og vart til skammar, endå dei i sitt velde hadde vore til skræmsla for folk, og u-umskorne fekk dei si lega hjå dei som var drepne med sverd, og dei bar si skam med dei som fer ned i gravi.
31Dei skal Farao sjå, og huggast yver heile sin ståkande hop; drepne med sverd er Farao og heile hans her, segjer Herren, Israels Gud.
32For eg hev breidt ut redsla for han i landet åt dei levande, og han skal verta lagd hjå dei u-umskorne, hjå dei som er drepne med sverd, Farao sjølv og heile hans ståkande hop, segjer Herren, Israels Gud.