Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Ezekiel 30

:
Norwegian - NO1938N
1 Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2 Menneskeson, spå og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Barma dykk: Å, for ein dag!
3 For nær er dagen, ja, nær er Herrens dag; ein myrkskya dag, ei domstid for folki skal det vera.
4 Eit sverd skal koma mot Egyptarland, og Etiopia skal skjelve-rider, når drepne menner fell i Egyptarland; landsens rikdom skal dei føra burt, og grunnvollane skal verta nedrivne.
5 Etiopar og folk frå Put og Lud og alle dei framande hermennene og kubearar og sønene åt sambandslandet skal falla for sverd i lag med dei
6 So segjer Herren: Dei som styd Egyptarland, skal falla, og ovmodet og makti skal kverva; frå Migdol til Syene skal folket der falla for sverd, segjer Herren, Israels Gud.
7 I øyde skal det liggja millom aude land, og byane skal liggja millom øydelagde byar.
8 Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg set eld Egyptarland, og alle som hjelper det, vert krasa.
9 Den dagen skal det fara sendebod frå meg skip til å setja støkk i det ottelause Etiopia, og det skal skjelve-rider, som Egyptarlands dag; for sjå, det kjem.
10 So segjer Herren, Israels Gud: Eg vil hava Nebukadnesar, Babel-kongen, til å gjera ende den ståkande hopen i Egyptarland.
11 Han og folket hans med han, valdsmennene millom folki, skal verta henta til å herja landet; dei skal draga sine sverd mot Egyptarland og fylla landet med drepne menner.
12 Eg vil lata elvane torna og selja landet i hendene illmenne, og eg vil hava framande til å øyda landet og alt som i det er; eg, Herren, hev tala.
13 So segjer Herren, Israels Gud: Eg vil tyna dei ufysne avgudane og rydja ut dei falske gudane i Memfis, og aldri meir skal det koma nokon fyrste i Egyptarlandet, og eg vil setja støkk i Egyptarlandet.
14 Eg vil leggja Patros i øyde og setja eld Soan og halda dom yver No.
15 Eg vil renna ut min harm yver Sin, den sterke verni åt Egyptarland, og rydja ut den ståkande hopen i No.
16 Eg vil setja eld Egyptarland; Sin skal skjelva og bivra, og No verta herteke, og Memfis skal fiendar taka midt ljose dagen.
17 Dei unge menner i Aven og Pibeset skal falla for sverd, og sjølve skal dei fara i utlægd.
18 I Tehafnehes skal dagen myrkna, når eg der bryt sund Egyptarlands-åket, og det er ute med ovmodet og makti; sjølv vert det sveipt i skyer, og døtterne lyt fara i utlægd.
19 Eg vil halda dom yver Egyptarland, og dei skal sanna at eg er Herren.
20 I det ellevte året, den sjuande dagen i fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
21 Menneskeson! Armen åt Farao, egyptarkongen, hev eg brote forderva, og sjå, ingen hev fetla han; ingen hev bruka lækjeråder eller lagt bindsel ikring, so han kunde verta sterk nok til å gripa sverdet.
22 Difor segjer Herren, Israels Gud so: Sjå, eg kjem yver Farao, Egyptarkongen, og eg skal brjota armane hans sund, både den heile og den brotne, og lata sverdet detta or handi hans.
23 Eg vil spreida egyptarane millom folki og strå dei ut i landi.
24 Eg skal styrkja armane åt Babel-kongen og leggja sverdet mitt i hans hand, men armane åt Farao vil eg brjota, og han skal liggja og stynja framfor han, som ein mann styn når han hev fenge ulivssår.
25 Ja, armane åt Babel-kongen vil eg styrkja, men armane åt Farao skal siga ned; og dei skal sanna at eg er Herren, når eg legg sverdet mitt i handi Babel-kongen, og han retter det ut mot Egyptarlandet.
26 Og eg vil spreida egyptarane millom folki og strå dei ut i landi, og dei skal sanna at eg er Herren.