Ezekiel 27NO1938N

1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

2Du menneskeson! Set i med ein syrgjesong yver Tyrus!

3Seg til Tyrus, som bur attmed innlaupet frå havet, som handlar med folkeslagi på mange havstrender: So segjer Herren, Israels Gud: Tyrus, du segjer: Storfager er eg.

4Midt i havet er dine landskil; dei som bygde deg, gjorde deg storfager.

5Av cypresstre frå Senir bygde dei båe plankesidone dine; sedertre frå Libanon tok dei til å laga master av åt deg.

6Av eik frå Basan gjorde dei årane dine; toftone gjorde dei av filsbein innlagt i buskbom frå Kittimøyane.

7Fint utsauma linty frå Egyptarland var det du breidde ut til flagg; blått og purpurraudt ty frå Elisaøyane var ditt soltjeld.

8Folk frå Sidon og Arvad var rorskarar åt deg; dei kunnige av dine eigne, Tyrus, var hovudsmennene dine.

9Dei øvste og kunnigaste frå Gebal hadde du til å bøta lekane dine; alle skip på havet og deira sjømenner var hjå deg og handla med deg.

10Menner frå Persia og Lud og Put gjorde hertenesta i din her; skjoldar og hjelmar hengde dei upp i deg, dei gav deg glans.

11Arvads søner stod med din eigen her på murane dine rundt ikring og djerve menner på dine tårn; sine skjoldar hengde dei på murane dine rundt ikring; dei gjorde deg fullkomleg fager.

12Tarsis handla med deg av di du var rik på allslags gods, sylv og jarn og tin og bly gav dei deg for varone dine.

13Javan, Tubal og Mesek hadde du til kræmarar; menneske og koparkjerald gav dei deg i varebyte.

14Frå Togarma-lyden fekk du vognhestar og ridehestar og muldyr for varone dine.

15Dedans søner var kræmarane dine; mange havstrender fekk varor av di hand, filsbein og ibenholt gav dei deg i vederlag.

16Syria handla med deg av di du var rik på allslags kunstarbeid; karfunkelsteinar, purpur og rosesauma ty og fint linty og korallar og rubinar gav dei deg i varebyte.

17Juda og Israelslandet var dine kræmarar; kveite frå Minnit og søte kakor og honning og olje og balsam gav dei deg i varebyte.

18Damaskus handla med deg av di du var rik på allslags kunstarbeid, på allslags gods; dei kom med vin frå Hebron og kvit ull.

19Vedan og Javan frå Usal gav att for varone dine, so blankt jarn og kassia og kalmus kom i handel hjå deg.

20Dedan handla med deg med salklæde til å rida på.

21Arabia og alle fyrstane i Kedar fekk varor av di hand; lamb og verar og bukkar selde dei deg.

22Kræmarane frå Sjeba og Rama var dine kræmarar; allskyns angande urter av gjævaste slag, allslags dyre steinar og gull gav dei for varone dine.

23Karan og Kanne og Eden, kræmarane i Sjeba, Assur og Kilmad handla med deg;

24dei handla med deg med prydelege klæde, med kåpor av purpurblått og rosesauma ty og med heile skattar av tvinna, mangleta garn, med tvinna og sterke tog på din marknad.

25Tarsis-skip var dine karavanar, dei dreiv handelen din, og du vart fyllt og ovende rik, der du låg midt ute i havet.

26Ut på storhavet førde dine rorskarar deg - austanvinden bryt deg sund midt i havet.

27Ditt gods og dine varor, din handel, dine sjøfolk og skiprar, dei som bøter lekane dine, og dei som driv din handel, alle stridsmennene som du hev hjå deg, og heile mannskapet som du hev um bord, skal stupa midt i havet den dagen du fell.

28For naudrop ifrå skiprane dine skal markene bivra.

29Og dei skal stiga utor sine skip, alle som med årane sit, sjøfolki og kvar skiper på havet; dei skal ganga i land.

30Dei skal barma seg yver deg og anka seg sårt, og dei skal kasta mold på sine hovud og velta seg i oska.

31Dei skal raka seg snaude i kruna for di skuld og sveipa seg i sekk, og dei skal gråta yver deg med sjelekvida og øya seg sårt.

32Og medan dei barmar seg, skal dei setja i med ein syrgjesong yver deg og segja: Kven er lik Tyrus, byen som no er tagna, der han ligg midt ute i havet?

33Medan varone dine kom inn frå havet, metta du mange folkeslag; med alt ditt gods og alle dine varor gjorde du kongane på jordi rike.

34No då du er skipbroten og burtkomen på sjøen og ligg på havsens botn, no er varone dine og alt ditt mannskap søkkt i kav med deg.

35Alle som bur på havstrendene, tek fæla av din lagnad; det rys deira kongar i holdet, dei er bleike av redsla.

36Kjøpmennene ute bland folkeslagi hæder deg: Ei skræma hev du vorte, og burte er du - til æveleg tid.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.