Ezekiel 2NO1938N

1Han sa til meg: Menneskeson! Statt upp på føtene dine, so eg kann få tala med deg!

2Og det kom ånd i meg med det same han tala til meg, og reiste meg upp på mine føter, og eg lydde på han som tala til meg.

3Han sa til meg: Menneskeson! Eg sender deg til Israels-borni, dei upprørske heidningar som hev gjort upprør mot meg; dei sjølve og federne deira hev vore utrue mot meg alt til den dag i dag.

4Og til borni med dei ubljuge andleti og harde hjarto sender eg deg, og du skal segja til dei: So segjer Herren, Israels Gud.

5Og anten dei lyder på eller ikkje - for ei trassig ætt er dei - so skal dei få vita at ein profet hev vore midt imillom dei.

6Men du menneskeson, ver ikkje redd dei, og ottast ikkje ordi deira! For netlor og klunger hev du ikring deg, og millom skorpionar bur du. Ordi deira skal du ikkje ottast, og for deira åsyn skal du ikkje fæla; for ei trassig ætt er dei.

7Du skal tala ordi mine til dei anten dei lyder på eller ikkje; for trassige, det er dei.

8Men du menneskeson, lyd på det som eg talar til deg! Ver ikkje trassig som den trassige ætti! Lat upp munnen din og et det som eg gjev deg!

9Og som eg såg, fekk eg sjå ei hand som var rett ut til meg, og i den var ein bokrull.

10Han breidde han ut framfor meg, og han var fullskriven både inni og utanpå; og det som stod skrive der, var syrgjesongar og sukkar og ve-rop.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.