1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2Menneskeson! Minn Jerusalem um styggedomen sin
3og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Ditt upphav og di ætt er frå Kana'anitarlandet; far din var ein amorit, og mor di ei hetitkvinna.
4Då du kom åt verdi, gjekk det soleis til: Den dagen du vart fødd, skar dei ikkje navlestrengen din, dei tvo deg ikkje rein med vatn, gneid deg ikkje inn med salt og reiva deg ikkje med reivar.
5Ikkje eit auga tykte synd i deg, so dei gjorde noko slikt med deg og viste deg miskunn; men du vart fødd, av di dei ikkje vilde at du skulde leva.
6Då gjekk eg framum deg og såg deg der du låg og sprala i ditt blod, og eg sa til deg: Du som ligg der i blodet ditt, lev! Ja, eg sa til deg: Du som ligg der i blodet ditt, lev!
7Til mange tusund, som blomar i eng, gjorde eg deg, og du voks og vart stor og nådde den høgste venleik; brjosti vart faste, og håret ditt voks. Men du var naki og berr.
8So gjekk eg framum deg og såg deg, og sjå, di tid var komi, elskhugstidi; då breidde eg kappa mi yver deg og løynde blygsli di, og eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, segjer Herren, Israels Gud, og du vart mi.
9So tvo eg deg med vatn og skylde blodet av deg og salva deg med olje.
10Eg klædde deg i rosesauma ty og hadde på deg skor av takasskinn og batt på deg eit fint hovudlin og sveipte deg i silke.
11Eg prydde deg med prydnadsting og gav deg armband på hendene og kjeda um halsen.
12Eg sette ein ring i nosi di og øyreringar i øyro dine og ei ovgild kruna på hovudet ditt.
13So prydde du deg med gull og sylv, og klædnaden din var av fint linty og silke og rosesauma ty; fint mjøl og honning og olje fekk du til mat, og du vart ovende fager og ei høveleg dronning.
14Du vart namngjeti millom folki for din venleik; for han var fullkomen av di eg hadde prydt deg so vent, segjer Herren, Israels Gud.
15Men du leit på din venleik og dreiv hor i tillit til di namnfrægd, og du auste ut din hordom yver kvar og ein som gjekk framum; han fekk njota venleiken din.
16Du tok klædi dine og gjorde deg spreklute tjeld på offerhaugane og dreiv hor der; slikt må ikkje koma på og ikkje henda.
17Du tok dine gilde prydnadsting, gullet og sylvet mitt, som eg hadde gjeve deg, og gjorde det karmannsbilete og dreiv hor med dei.
18Du tok dine rosesauma klæde og hadde på dei, og min olje og min røykjelse sette du fram for dei.
19Brødet mitt som eg hadde gjeve deg, finmjølet og oljen og honningen som eg gav deg til mat, det sette du fram åt dei til godange, so langt gjekk det, segjer Herren Gud, Israels Gud.
20Du tok sønene og døtterne dine, som du hadde født åt meg, og ofra dei til mat åt dei. Var det då ikkje nok at du dreiv hor,
21sidan du jamvel slakta borni mine og gav dei burt - let dei ganga gjenom elden for dei?
22Og i all styggedomen din og hordomen din kom du ikkje i hug dine ungdomsdagar, då du var naki og berr og låg og sprala i ditt blod.
23Og etter all denne vondskapen din - usæl, usæl vere du! segjer Herren, Israels Gud -
24bygde du det ein kvelving og gjorde deg ein offerhaug i kvar ei gata.
25Attmed kvart eit vegemot bygde du din offerhaug og skjemde din venleik og breidde føtene ut for kvar og ein som gjekk framum, og du dreiv hor stødt og stendigt.
26Du dreiv hor med Egyptarlands-sønene, dine kjøtfulle grannar, og du dreiv på med horelivnaden jamt og samt, so du harme meg.
27Men sjå, då rette eg ut handi mot deg og minka på det som var etla åt deg, og eg let dei som hata deg, få fara med deg som dei vilde - filistardøtterne, som blygdest yver di skjemdarferd.
28Sidan dreiv du hor med Assurs-sønene, av di du ikkje hadde fenge ditt nøgje; du dreiv hor med dei, men endå fekk du ikkje ditt nøgje.
29Og du heldt på og dreiv hor, alt burt til Kaldea, kræmarlandet; men du fekk ikkje ditt nøgje då heller.
30Å, kor vise hjarta ditt var, segjer Herren, Israels Gud, då du gjorde alt dette, slikt som berre ei skamlaus skjøkja gjer,
31då du bygde din kvelving attmed kvart eit vegemot og din offerhaug i kvar ei gata. Men du var ikkje som andre skjøkjor, med i du forsmådde skjøkjeløn.
32Du horkona! I staden for med mannen din held du deg med framande!
33Alle andre skjøkjor gjev dei løn, men du gav alle elskarane dine gåvor og kjøpte dei til å koma til deg frå alle leider og driva hor med deg.
34Med deg var det reint umsnutt mot det som hender med andre kvende: Du dreiv hor endå ingen laup etter deg, og du gav horeløn, men fekk ingi sjølv; so rangsnudd var du.
35Høyr difor Herrens ord, du horkona!
36So segjer Herren, Israels Gud: For di du sløsa med koparen din og nækte di skam, når du dreiv hor med elskarane dine, og for alle dine avstyggelege avgudar skuld og for blodet av borni dine, som du gav dei
37sjå, difor samlar eg alle elskarane dine, som lika deg so godt, og alle dei du elska, og like eins alle dei du hata - eg vil samla dei mot deg frå alle leider og nækja di skam for dei, so dei fær sjå all di skam.
38Eg vil lata same domen ganga yver deg som yver horkonor og slike som renner ut blod, og eg vil gjera deg til berre blod med min harm og åbryskap.
39Eg vil gjeva deg i deira hender, og dei skal riva ned kvelvingen din og brjota ned offerhaugane dine og draga klædi av deg og taka dine gilde prydnadsting og lata deg liggja der naki og berr.
40Og dei skal føra fram ein folkeskare mot deg og steina deg i hel og hogga deg sund med sverdi sine.
41Dei skal brenna upp husi dine og halda dom yver deg for augo på mange kvinnor; og eg vil gjera ende på horelivnaden din og du skal ikkje få gjeva horeløn meir.
42Soleis vil eg svala min harm på deg, og so skal min åbryskap mot deg kverva, og eg vil halda meg i ro og ikkje harmast lenger.
43Av di du ikkje kom i hug ungdomsdagane dine, men harma meg med alt dette, sjå, difor vil eg og lata di åtferd koma att på ditt eige hovud, segjer Herren, Israels Gud; for hev du ikkje lagt skamløysa attåt all styggedomen din?
44Sjå, alle som lagar ordtøke, skal hava dette til ordtak um deg: Som mori, so dotteri.
45Du er dotter åt mor di, som vanda mannen sin og borni sine, og du er syster åt systerne dine, som vanda mennene og borni sine; ei hetitkvinna er mor dykkar, og ein amorit far dykkar.
46Den store syster di er Samaria med døtterne sine, ho som bur på vinstre handi åt det, og den litle syster di, som bur på vinstre handi, er Sodoma og døtterne hennar.
47Du gjekk ikkje på deira vegar og for ikkje med same styggedomen som dei; men berre eit lite bel - so for du berre åt enn dei, på alle dine vegar.
48So visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud: Sodoma, syster di, og døtterne hennar hev ikkje fare åt som du og døtterne dine.
49Sjå, misgjerningi åt Sodoma, syster di, var ovmod; nøgdi med brød og sutlaus ro hadde ho og døtterne hennar; men armingen og fatigmannen hjelpte ho ikkje;
50dei for med storlæte og gjorde det som avstyggeleg var for mi åsyn; difor rudde eg dei burt, fyrst eg såg det.
51Samaria hev ikkje synda halvt so mykje som du, ho heller; du gjorde mange fleire avstyggelege ting enn dei, so du gjorde systerne dine rettferdige med all styggedomen som du for med.
52Ber då du og di skam, du som hev dømt til bate for systerne dine! Med syndene dine hev du fare styggare åt enn dei, og difor er dei rettferdigare enn du; so skulde du blygjast, du og, og bera di skam, med di du gjer systerne dine rettferdige.
53Men eg vil gjera ende på utlægdi deira, utlægdi for Sodoma og døtterne hennar og for Samaria og døtterne hennar og for dine eigne utlæge midt imillom dei,
54so du skal bera di skam og skjemmast av alt det du hev gjort med di du trøystar dei.
55Systerne dine, Sodoma og døtterne hennar og Samaria og døtterne hennar, skal atter verta det dei fordom var, og du og døtterne dine skal atter verta det dei fordom var.
56Var ikkje Sodoma, syster di, eit uord i munnen din i ovmods-dagane dine,
57fyrr vondskapen din vart synberr - liksom i den tidi då dei hædde deg, Syria døtterne og alle som budde der ikring, og filistardøtterne, som svivyrde deg rund ikring?
58Din ulivnad og all din styggedom skal du bøta for, segjer Herren.
59For so segjer Herren, Israels Gud: Eg vil fara åt med deg etter di eigi åtferd, du som vanvyrde eiden og braut pakti.
60Men no vil eg minnast mi pakt med deg i ungdomsdagane dine og gjera ei æveleg pakt med deg.
61Og du skal minnast di åtferd og skjemmast når du tek imot systerne, både dei som er større enn du, og dei som er mindre enn du, og eg gjev deg dei til døtter, endå dei ikkje høyrer med til di pakt.
62Eg vil gjera mi pakt med deg, og du skal sanna at eg er Herren,
63so du skal minnast di åtferd og blygjast og ikkje lata upp munnen din meir for skam, når eg tilgjev deg alt det du hev gjort, segjer Herren, Israels Gud.