Ezekiel 13NO1938N

1Herrens ord kom til meg, og det lydde so;

2Menneskeson! Spå mot profetane i Israel, som fer med spåing, og seg til dei som spår etter sitt eige hjarta: Høyr Herrens ord!

3So segjer Herren, Israels Gud: Usæla yver profetane, dei dårar, som fylgjer si eiga ånd og syner som dei ikkje hev set!

4Som revar millom ruinar er dine profetar, Israel!

5De hev ikkje stige upp i murrivone og ikkje bygt nokon mur kring Israels-lyden, so dei kunde standa seg i striden på Herrens dag.

6Synene deira var fåfengd, og spådomane deira lygn, dei som segjer: So segjer Herren, endå Herren ikkje hev sendt dei, og som vonar at dei skal vera sannspådde lik vel.

7Er det ikkje fåfengelege syner de hev set, og ljugarspåing de hev fare med? De segjer: So segjer Herren, enda eg ikkje hev tale.

8Difor segjer Herren, Israels Gud, so: For di de talar fåfengd og ser lygn, sjå, difor vil eg koma yver dykk, segjer Herren, Israels Gud.

9Mi hand skal vera mot dei profetane som ser fåfengd og fer med ljugarspåing; i mitt folks råd skal dei ikkje vera, og i boki åt Israels-lyden skal dei ikkje verta skrivne, og til Israels land skal dei ikkje koma; og de skal sanna at eg er Herren, Israels Gud,

10for di, ja for di dei hev forvilla mitt folk og sagt: Fred! - endå det ingen fred er. Når folket byggjer ein murvegg, sjå, so stryk dei han med kalk.

11Seg til kalk-strjukarane at han vil ramla ned; det kjem eit skvalande støyteregn, og haglsteinar skal falla, og ei stormflaga skal koma kastande.

12Når so veggen er nedramla, vil dei då ikkje spyrja dykk: Kvar vart det av kalken som de strauk han med?

13Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Ja, i min harm let eg ei stormflaga koma kastande, og i min vreide let eg eit skvalande støytregn koma og i min harm haglsteinar, so alt i hop vert øydelagt.

14Og eg vil riva ned veggen som de strauk med kalk, og velta han til jordi, so grunnvollane vert berrlagde; når byen ramlar i røys, skal de setja til der inne, og de skal sanna at eg er Herren.

15Eg vil renna ut all min harm på veggen og på dei som strauk han med kalk, og so vil eg segja til dykk: Burte er både veggen og dei som strauk på han,

16profetane i Israel, som spådde um Jerusalem og såg fredssyner åt det, endå det ingen fred er, segjer Herren, Israels Gud.

17Og du menneskeson! Vend andletet mot ditt folks døtter, som spår etter sitt eige hjarta, og spå imot dei

18og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Usæle dei som saumar bindsel åt alle leder på hendene mine og lagar hettor åt hovudet på folk etter som kvar og ein er høg til, so dei kann fanga sjeler! Mitt folks sjeler fangar de, og dykkar eigne sjeler held de i live.

19Og de vanhelgar meg hjå mitt folk for nokre korn-nevar og brød-molar - til å drepa sjeler som ikkje skulde leva, med di de lyder på lygn.

20Difor segjer Herren, Israels gud, so: Sjå, eg vil få tak i bindsli dykkar som de fangar sjelene med liksom fuglar, og riva dei av armane dykkar, og sjelene som de fangar, dei vil eg løysa og sleppa liksom fuglar.

21Og eg vil riva sund hettone dykkar og berga mitt folk utor hendene dykkar, so dei aldri meir skal vera veidefang i dykkar hender, og de skal sanna at eg er Herren.

22For di de med lygn fær rettferdige manns hjarta til å vanmodast, endå eg ikkje hev valda han sorg, og gjer gudlaus manns hender sterke, so han ikkje vender um frå sin vonde veg, og eg kann lata han få leva

23difor skal di ikkje lenger hava fåfengelege syner eller fara med falske spådomar, og eg vil berga mitt folk utor hendene dykkar, og de skal sanna at eg er Herren.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.