Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Exodus 8

:
Norwegian - NO1938N
1 sa Herren til Moses: Gakk fram for Farao og seg til han: So segjer Herren: Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
2 Meinkar du dei å fara, so skal eg plaga heile ditt land og rike med frosk;
3 det skal yra med frosk i elvi, og dei skal krabba upp land og koma inn i huset ditt og sengkoven din og upp i lega di og inn i husi åt tenarane dine og folket ditt og i bakaromnane og knodetrogi dine;
4 og deg og huslyden din og alle tenarane dine skal froskane krabba uppetter.
5 Og Herren sa til Moses: Seg til Aron: Lyft handi og rett staven utyver elvane og veitene og tjørnene, og lat froskane aula innyver Egyptarlandet!
6 So rette Aron handi si ut yver Egyptarlands-vatni, og kom det upp med so fullt med frosk at dei hulde heile Egyptarlandet.
7 Men runemeistrane bruka trollkunstene sine og gjorde det same; dei og fekk froskane til å aula innyver Egyptarlandet.
8 So sende Farao bod etter Moses og Aron og sa: Bed til Herren at han vil taka froskane burt frå meg, og landslyden! skal eg lata folket fara so dei kann ofra til Herren.
9 sa Moses til Farao: Sjølv du hava æra og segja kva tid eg skal beda for deg og tenarane dine og folket ditt at han vil rydja froskane burt frå deg og husi dine, so dei ikkje finst meir utan i elvi.
10 Han svara: I morgon. sa Moses: Lat det vera som du segjer! so skal du sanna at det er ingen som Herren vår Gud.
11 Froskane skal kverva burt frå deg og husi dine og frå tenarane dine og heile landslyden; berre i elvi skal dei finnast.
12 So gjekk Moses og Aron ut att frå Farao, og Moses ropa til Herren for froskane skuld som han hadde ført yver Farao.
13 Og Herren gjorde som Moses hadde sagt og froskane låg daude i hus og tun og bøane.
14 Dei samla dei i dungevis, og teven kjendest yver heile landet.
15 Men det gjekk som Herren hadde sagt: Farao såg at han hadde fenge ein lette, slo han seg rang og vilde ikkje høyra dei.
16 sa Herren til Moses: Seg til Aron: Rett ut staven din og slå i dusti jordi, so skal ho verta til my i heile Egyptarlandet.
17 Og dei so gjorde: Aron lyfte handi og rette ut staven sin og slo i dusti jordi. kom myet og sette seg både folk og fe; all dusti jordi vart til my i heile Egyptarlandet.
18 Runemeistrane freista og å fram my med trollkunstene sine, men dei var ikkje god til. Og myet vart sitjande folk og fe.
19 sa runemeistrane til Farao: Dette er Guds finger! Men det gjekk som Herren hadde sagt: Farao var like strid og høyrde ikkje dei.
20 sa Herren til Moses: Ris tidleg upp i morgon, og stig beint fram for Farao når han gjeng ned åt elvi, og seg til han: So segjer Herren: Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
21 For let du ikkje folket mitt fara, so sender eg allslags avåt yver deg og tenarane dine og folket ditt og inn i husi dine; husi åt egyptarane skal verta fulle av avåt, og jamvel jordi dei stend på.
22 Men same dagen vil eg taka undan Gosenlandet, folket mitt bur i, so der ikkje kjem noko avåt; skal du verta var at eg, Herren, er der i landet.
23 For eg vil løysa ut folket mitt og gjera skil mitt folk og ditt folk. I morgon skal dette teiknet henda.
24 Og Herren gjorde som han hadde sagt, og det kom svære yrjor med avåt i husi åt Farao og tenarane hans; i heile Egyptarland herja avåtet landet.
25 sende Farao bod etter Moses og Aron og sa: Gakk av og ofra til dykkar Gud her i landet!
26 Moses svara: Det er ikkje rådeleg å gjera det so; for det me ofrar til Herren vår Gud, det er ein styggedom for egyptarane. Ofra me no midt for augo dei slikt som dei hev ein stygg til, vilde dei ikkje steina oss?
27 Tri dagsleider ut i øydemarki vil me fara, og so ofra til Herren vår Gud, soleis som han segjer oss fyre.
28 sa Farao: Eg fær lata dykk fara då, so de kann ofra til Herren dykkar Gud i øydemarki, men de ikkje fara langt! Bed for meg!
29 Moses svara: Ja, no gjeng eg ut og vil beda til Herren, og i morgon skal avåtet kverva burt frå Farao og tenarane og folket hans. Berre no Farao ikkje vil svika oss meir, men lata folket fara, so dei kann ofra til Herren.
30 So gjekk Moses ut frå Farao att og bad til Herren.
31 Og Herren gjorde som Moses bad, og let avåtet kverva burt både frå Farao og tenarane og folket hans; det fanst ikkje att eit einaste fly.
32 Men Farao slo seg rang denne gongen og; og slepte ikkje folket av stad.