Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Exodus 34

:
Norwegian - NO1938N
1 So sa Herren til Moses: Hogg deg ut tvo steintavlor liksom dei fyrste, so skal eg dei skriva dei same ordi som stod dei fyrste tavlone, dei du slo sund.
2 Haldt deg so ferdig til i morgon tidleg! skal du stiga upp Sinaifjellet og venta meg der fjelltinden.
3 Ingen vera med deg upp, og ingen syna seg heile fjellet; heller ikkje sauer eller naut beita uppunder dette fjellet.
4 So hogg Moses ut tvo steintavlor liksom dei fyrste, og dagen etter reis han upp i otta og gjekk upp Sinaifjellet, som Herren hadde sagt han til, og hadde båe steintavlone i handi.
5 steig Herren ned i skyi og gjekk innåt han og ropa Herrens namn.
6 Og Herren for fram midt for augo hans og ropa: Herren, Herren er ein miskunnsam og nådig Gud, tolug og rik miskunn og sanning!
7 Han let si miskunn vara i tusund mannsaldrar; han tilgjev misgjerning og brot og synd; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus; han hemner broti åt federne borni og barneborni, ja barnebarns-borni og borni etter dei att.
8 kasta Moses seg snøgt å gruve og bad.
9 Og han sa: Herre, hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og gakk med oss! For um dette er eit hardkyndt folk, so vil du tilgjeva broti og syndene våre og lata oss vera din eigen lyd.
10 Herren svara: Ja, eg vil gjera ei pakt: Midt for augo åt heile folket ditt vil eg gjera slike under at det aldri hev vore set maken heile jordi eller hjå noko folkeslag, og heile det folket du bur imillom, skal sjå Herrens verk, kor ageleg det er, og kor store ting eg skal gjera for deg.
11 Haldt du dei bodi eg gjev deg i dag! Sjå no vil eg jaga amoritane og kana'anitane og hetitane og ferisitane og hevitane og jebusitane; dei skal røma for deg.
12 Akta deg so du ikkje gjer noko samband med dei som bur i det landet du kjem til! For bur dei imillom dykk, so kunde dei verta ei snara for dykk.
13 De skal riva ned altari deira og slå sund minnesteinane deira og hogga ned Astarte-bileti.
14 Du skal ikkje tilbeda nokon annan gud; for Herren heiter den Strenge; han er ein streng Gud.
15 Aldri du gjera noko samband med dei som bur der i landet. For når dei held seg med gudane sine og ofrar til dei, so vil dei beda deg til seg, og du vil eta av offeret deira;
16 du vil gifta sønene dine med døtterne deira, og dei vil halda seg med gudane sine og lokka sønene dine til å gjera det same.
17 Gjer deg ikkje støypte gudebilete!
18 Usyrdebrødhelgi skal du halda; sju dagar skal du eta usyrt brød, so som eg hev sagt deg, den tid eg hev sett, i abib månad; for i abib månad tok du ut frå Egyptarland.
19 Alt som kjem fyrst frå mors liv, høyrer meg til, alt bufeet som er han av slaget og som fell fyrst undan naut eller sau.
20 Det fyrste følet som fell undan eit asen, skal du løysa med eit lamb eller kje, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken det. Kvart sveinbarn i ætti di som er frumbore, skal du løysa. Og ingen lata seg sjå tomhendes for augo mine.
21 Seks dagar lyt du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila; um det so er i våronni eller skurdonni, so skal du kvila den sjuande dagen.
22 Sjuvikehelgi skal du halda når du tek inn fyrstegrøda av kveitehausten, og hausthelgi når året er utrunne.
23 Tri gonger um året skal alle karfolki dine møta for Herren, Israels Gud.
24 For eg vil driva ut heidningefolki der du fer fram, og vidka ut riket ditt, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer upp og møter for Herren din Gud - tri gonger um året.
25 Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt attåt syrt brød, og ikkje påskehelgofferet verta liggjande natti yver, til morgondagen.
26 Det allerfyrste av grøda marki di skal du bera til huset åt Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølki åt mor si.
27 Og Herren sa til Moses: Skriv no du upp desse ordi! For etter desse ordi hev eg gjort ei pakt med deg og med Israel.
28 Han var der hjå Herren fyrti dagar og fyrti næter, og ikkje åt han og ikkje drakk han. Og Herren skreiv paktordi, dei ti bodordi, tavlone.
29 So gjekk Moses ned av Sinaifjellet med dei tvo vitnemålstavlone i handi, og han kom ned, stråla og skein det av andletet hans av di at Herren hadde tala med han; men sjølv visste han det ikkje.
30 Og Aron og Israels-borni såg at det skein av andletet hans Moses, og dei torde ikkje ganga innåt han.
31 ropa Moses dei, og so kom Aron og alle dei øvste av lyden til han, og Moses tala med dei.
32 Sidan kom alle Israels-borni burtåt, og han bar fram alle dei bodi som Herren hadde gjeve han Sinaifjellet.
33 Og Moses hadde sagt dei alt han skulde, la han eit slør for andletet sitt.
34 Men når han gjekk inn for Herrens åsyn og skulde tala med han, tok han sløret burt, til han skulde ut att; og når han kom ut, tala han til Israels-borni det han var fyresagd.
35 såg Israels-borni korleis det stråla av andletet hans Moses, og Moses hadde sløret for andletet att, til dess han skulde inn og tala med Herren.