Exodus 28NO1938N

1So skal du kalla Aron, bror din fram for Israels-lyden, både han og sønene hans, og setja dei til prestar for meg - Aron og Nadab og Abihu og Eleasar og Itamar, sønene hans Aron.

2Og du skal gjera Aron, bror din, heilage klæde til æra og prydnad.

3Du skal tala med alle dei som er hage av seg, og som eg hev fyllt med kunstnarånd, og so skal dei gjera den klædebunaden som Aron skal hava på seg når han vert helga til å vera prest for meg.

4Høyr no kva det er for klæde dei skal gjera: ein bringeduk og ein messehakel og ein prestekjole og ein brogdut underkjole og ei huva og eit belte. Det er den heilage klædebunaden dei skal gjera til Aron, bror din, og sønene hans, so han kann vera presten min,

5og til det skal dei bruka gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint lingarn.

6Messehakelen skal dei gjera av gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn. Han skal vera vent voven

7og hava tvo aksleband som kann festast til kvarandre, eitt på kvar ende; dei skal vera til å hekta han i hop med.

8Det skal vera eit belte på han til å halda han i hop med, og det skal vera like eins voven som messehakelen og samvove med han, gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn.

9So skal du taka tvo onykssteinar, og på dei skal du grava inn namni åt Israels-sønene,

10seks på kvar stein etter alderen;

11på same måten som dei skjer ut i stein eller grev ein seglring, skal du grava inn namni åt Israels-sønene på desse tvo steinane, og so skal du fella dei inn i fatingar av tvinna gull.

12Båe steinane skal du setja på akslebandi åt messehakelen, so dei skal minna um Israels-borni; og når Aron stend for Herrens åsyn, skal han bera namni deira på båe herdane til ei minning.

13Sidan skal du gjera sylgjor av tvinna gull

14og tvo lekkjor av skirt gull; dei skal vera slyngde på same måten som dei slyngjer snorer. Desse snorlekkjone skal du festa til sylgjone.

15So skal du gjera ein domsbringeduk. Vent voven skal han vera, som messehakelen; av gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn skal du gjera han.

16Han skal vera firkanta og tvilagd, ei spann på lengdi og ei spann på breiddi

17og sett med innfelte steinar som stend i fire rader. I ei rad skal vera ein karneol og ein topas og ein smaragd; det er den fyrste radi.

18I den andre radi skal vera ein karfunkel og ein safir og ein diamant,

19og i den tridje radi ein hyasint og ein agat og ein ametyst,

20og i den fjorde radi ein krysolit og ein onyks og ein jaspis. Dei skal vera innfelte i fatingar av tvinna gull.

21Steinane skal vera tolv i talet, etter namni åt Israels-sønene, ein for kvart namn; på kvar stein skal namnet åt ei av dei tolv ættene vera inngrave som på ein seglring.

22So skal du gjera lekkjor av skirt gull, slyngde som snorer, til bringeduken.

23Og du skal gjera tvo gullringar til han; dei skal du setja i kvar sitt hyrna på bringeduken,

24og dei tvo gullsnorene skal du festa i dei tvo ringane som sit på hyrno av bringeduken.

25Dei hine tvo endane av båe snorene skal du festa i dei tvo sylgjone, og sylgjone skal du setja på akslebandi til messehakelen på framsida.

26So skal du gjera tvo andre gullringar og setja i dei hine tvo hyrno av bringeduken, på den sida som vender inn imot messehakelen.

27Og endå tvo gullringar skal du gjera og setja på båe akslebandi åt messehakelen nedantil på framsida, der som han er hekta i hop, ovanfor beltet.

28So skal dei binda ringane på bringeduken til ringane på messehakelen med ei snor av blå ull, so bringeduken kjem til å sitja ovanfor beltet og ikkje kann rikkast frå messehakelen.

29Og når Aron gjeng inn i heilagdomen og stend framfor Herrens åsyn, då skal han bera namni åt Israels-sønene innmed hjarta sitt, i domsbringeduken, so Herren all tid skal koma dei i hug.

30Inn i domsbringeduken skal du leggja urim og tummim; dei skal liggja innmed hjarta åt Aron kvar gong han stig fram for Herrens åsyn, so Aron all tid skal bera domen yver Israels-borni på hjarta sitt framfor Herren.

31Prestekjolen som er til å bera under messehakelen til, skal du gjera av blå ull all igjenom.

32Midt på han skal det vera eit halssmog med ei vovi borda ikring, som halssmoget på ei brynja, so han ikkje skal rivna.

33Rundt ikring falden nedantil skal du setja granateple av blå og purpurraud og karmosinraud ull og imillom dei gullbjøllor alt ikring,

34fyrst ei gullbjølla og eit granateple, so ei gullbjølla og eit granateple att, og soleis rundt um heile falden på kjolen.

35Den kjolen skal Aron hava på seg kvar gong han gjer tenesta, so ljoden av han kann høyrast når han gjeng inn i heilagdomen og stig fram for Herren, og når han gjeng ut att - so han ikkje skal døy.

36So skal du gjera ei spong av skirt gull, og på den skal du grava inn som på ein seglring: Helga til Herren.

37Du skal festa henne i huva med ei snor av blå ull; framme på huva skal ho sitja.

38Uppyver panna hans Aron skal ho sitja, so Aron kann bera den syndi som heng ved dei heilage offeri som Israels-borni vigjer til Herren - alle dei heilage gåvone som dei ber fram. Ho skal all tid sitja uppyver panna hans, so dei skal vera velsedde for Herrens åsyn.

39So skal du gjera ein brogdut underkjole av fint lin og ei huva av fint lin og eit belte med rosesaum.

40Og til sønene hans Aron skal du gjera underkjolar, og du skal gjera dei belte, og hovudplagg skal du gjera dei, til æra og til prydnad.

41Med dette skal du klæda Aron, bror din, og sønene hans, og so skal du salva dei og fylla hendene deira og helga dei, so dei kann vera prestar for meg.

42So skal du gjera dei lereftsbrøker til å gøyma blygsli si med; frå mjødmane og ned på låri skal brøkene nå.

43Og dei skal Aron og sønene hans hava på seg når dei gjeng inn i møtetjeldet eller stig fram åt altaret og skal gjera tenesta i heilagdomen, so dei ikkje skal føra skuld yver seg og lata livet. Det skal vera ei lov for han og ætti hans i all æva.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Exodus 28.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.