1Då tala Gud alle desse ordi og sa:
2Eg er Herren din Gud, som førde deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.
3Du skal ikkje hava andre gudar attåt meg.
4Du skal ikkje gjera deg noko utskore bilete eller nokor likning av det som er uppi himmelen, eller det som er nedpå jordi, eller det som er i vatnet nedunder jordi.
5Du skal ikkje tilbeda dei og ikkje tena dei! For eg, Herren din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni i tridje og fjorde ættleden av dei som hatar meg,
6men gjer vel i tusund ættleder mot dei som elskar meg og held bodi mine.
7Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.
8Kom i hug at du held kviledagen heilag!
9Seks dagar må du arbeida og gjera alt det du skal.
10Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di eller drengen din eller tenestgjenta di eller feet ditt eller den framande som held seg innan portane dine.
11For i seks dagar skapte Herren himmelen og jordi og havet og alt som i dei er; men den sjuande dagen kvilde han; difor velsigna Herren sabbatsdagen og lyste han heilag.
12Æra far din og mor di, so du fær leva lenge i det landet som Herren din Gud gjev deg.
13Du skal ikkje slå i hel.
14Du skal ikkje vera utru mot maken din.
15Du skal ikkje stela.
16Du skal ikkje vitna rangt mot næsten din.
17Du skal ikkje trå etter huset åt næsten din, eller drengen eller tenestgjenta eller uksen eller asnet hans eller noko anna som høyrer næsten din til.
18Og heile folket såg og høyrde toreslagi og eldingane og lurljoden og røyken av fjellet; og då dei gådde det, skalv dei og heldt seg langt undan.
19Og dei sa til Moses: Tala du med oss, so skal me høyra, men lat ikkje Gud tala med oss; for då døyr me!
20Då sa Moses til folket: Ver ikkje redde! Gud vil røyna dykk; difor er det han kjem - og at agen for han skal bu i hjarto dykkar, so de ikkje syndar.
21So vart folket standande langt burte, medan Moses gjekk innåt myrkeskodda der Gud var.
22Og Herren sa til Moses: So skal du segja til Israels-borni: De hev høyrt korleis eg tala til dykk frå himmelen.
23De skal ikkje gjera dykk nokon gud attåt meg. Gudar av sylv eller gull skal de ikkje gjera dykk.
24Eit altar av jord skal du gjera meg, og på det skal du ofra brennofferi og takkofferi dine, småfeet og storfeet ditt. Kvar den stad som eg vil hava namnet mitt ihugkome, skal eg koma til deg og velsigna deg.
25Men vil du gjera eit steinaltar åt meg, so skal du ikkje byggja det av hoggen stein; for brukar du bitjarn på steinane, so vanhelgar du dei.
26Heller ikkje skal du stiga upp til altaret etter ei tropp, so du nækjer blygsli di uppyver det.