Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Exodus 13

:
Norwegian - NO1938N
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 Alt frumbore skal du helga åt meg, alt som kjem fyrst frå morsliv hjå Israels-borni; anten det er folk eller fe, so høyrer det meg til.
3 Og Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen de slapp ut or Egyptarland, or slavehuset! For det var Herren som med si sterke hand leidde dykk ut. skal de ikkje eta surbrød.
4 I dag er det de tek ut, i abib månad.
5 Når Herren fører deg inn i landet åt kana'anitane og hetitane og amoritane og hevitane og jebusitane, det som han lova federne dine å gjeva deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, skal du halda gudstenesta denne visi i denne same månaden;
6 sju dagar skal du eta usyrt brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren.
7 Usyrt brød skal du eta alle dei sju dagane; ikkje det finnast usyrt brød i ditt eige, og ikkje surdeig, so langt som råder.
8 Og same dagen skal du gjera dette kunnigt for son din og segja: Det er til minne um det Herren gjorde for meg eg for frå Egyptarland.
9 Og det skal vera deg til eit merke handi og eit minneskrift panna, so Herrens lov kann vera munnen din. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egyptarland.
10 So skal du gjere etter denne fyresegni år etter år, den tid som er sett.
11 Og når Herren hev ført deg til Kana'anslandet, som han lova deg og federne dine, og gjev deg det,
12 skal du eigna åt Herren alt som kjem fyrst frå morsliv. Alt det som fell undan det feet du eig, og som er han av slaget, høyrer Herren til.
13 Det fyrste følet som fell undan kvart asen, skal du løysa med eit lamb eller kje, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken det. Men kvart mannebarn - kvart sveinbarn i ætta di - som er frumbore, skal du løysa.
14 Når son din sidan spør deg: Kva tyder dette? so skal du svara: Med sterk hand leidde Herren oss ut or Egyptarland, or slavehuset.
15 For det gjekk slik til at Farao gjorde seg hard og ikkje vilde lata oss fara, slo Herren i hel alt som frumbore var i Egyptarlandet, både av folk og av fe. Difor ofrar eg til Herren alt det som kjem fyrst frå morsliv og er han av slaget, men eg løyser kvart sveinbarn i ætti mi som er frumbore.
16 Og det skal vera til eit merke handi di og ein minnesetel panna di; for med sterk hand førde Herren oss ut or Egyptarland.
17 Farao hadde gjeve folket lov til å fara, so førde Gud dei ikkje den vegen som bar til Filistarlandet, endå det var den næmaste; for han tenkte dei kunde koma til å angra seg når dei møtte ufred, og so fara attende til Egyptarland.
18 Men Gud laga det so at dei svinga inn den vegen som gjekk igjenom øydemarki til Raudehavet. So for Israels-borni stridsbudde ut or Egyptarlandet.
19 Og Moses tok beini av Josef med seg; for Josef hadde teki eiden av Israels-borni og sagt: Når Gud kjem og lydest til dykk, so skal de taka beini mine med dykk herifrå.
20 So tok dei ut frå Sukkot og leira seg i Etam, tett innmed øydemarki.
21 Og Herren gjekk fyre dei, um dagen i ein skystopul som leidde dei rette vegen, og um natti i ein eldstopul som lyste for dei, so dei kunde fara natt og dag.
22 Skystopulen kvarv ikkje frå folket um dagen, og eldstopulen ikkje um natti.