Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Exodus 11

:
Norwegian - NO1938N
1 Herren hadde sagt til Moses: Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og Egyptarland, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut med alt det de hev.
2 Seg no so folket høyrer på, at kvar mann skal beda grannen sin og kvar kvinna grannekvinna si um sylv og gull!
3 Og Herren gjorde det slik at egyptarane fekk godvilje for folket; og so var og Moses ein ovstor mann i Egyptarlandet, både for tenarane åt Farao og for hitt folket.
4 Og Moses sa: So segjer Herren: Når det lid til midnatt, vil eg fara midt igjenom Egyptarland.
5 skal det døy alt som frumbore er i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsætet sitt, til den frumborne sonen åt trælkvinna, som sit og dreg landkverni, og alle frumsungane i buskapen.
6 Og frå heile Egyptarland skal det stiga eit øgjeleg skrik, so ingen skal hava høyrt slikt skrik anten fyrr eller sidan.
7 Men ikkje ein hund skal gøy nokon i Israel, korkje folk eller fe, so de skal verta vare at Herren gjer skil egyptarane og Israel.
8 skal alle desse tenarane dine koma ned til meg og kasta seg ned for meg og segja: Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg! Og so skal eg fara. Og han gjekk burt frå Farao i brennande harm.
9 Som Herren hadde sagt til Moses: Farao skal ikkje høyra dykk, so eg kann gjort mange under i Egyptarlandet,
10 so gjorde Moses og Aron alle desse underi for augo åt Farao; men Herren gjorde Farao strid i hugen, so han slepte ikkje Israels-borni or landet sitt.