Esther 8NO1938N

1Same dagen gav kong Ahasverus dronning Ester det huset som Haman, fienden åt jødefolket, hadde ått; og Mordekai fekk koma inn og helsa på kongen; for Ester hadde fortalt kva han var for henne.

2Kongen drog av seg seglringen sin, som han hadde teke att frå Haman, og gav han til Mordekai, og Ester sette Mordekai yver huset hans Haman.

3Sidan bar Ester endå ein gong saki si fram for kongen. Ho kasta seg gråtande ned for føtene hans og naudbad han at han måtte gjera um inkje den meinrådi som Haman, agagiten, hadde lagt upp mot jødane.

4Kongen rette gullstaven ut mot Ester. Då reis Ester upp og steig fram for kongen

5og sa: Tekkjest det kongen, og hev han godvilje for meg - synest det kongen rett, og er eg gjæv for han, so lat det verta utferda skriv til å avlysa brevi frå Haman Hammedatason, agagiten, dei som inneheldt meinrådi hans, og som han skreiv for å få tynt jødane i alle dei landi som kongen råder yver!

6Korleis kunde eg tola sjå på den ulukka som vilde råma folket mitt, og korleis kunde eg tola sjå på at ætti mi vart øydd?

7Då sa kong Ahasverus til dronning Ester og jøden Mordekai: De veit eg hev gjeve Ester huset hans Haman, og sjølv hev han vorte upphengd i galgen, for di han vilde leggja hand på jødane.

8So set no de upp eit skriv um jødane i namnet åt kongen, soleis som de tykkjer best, og forsigla det med seglringen åt kongen! For eit skriv som er utferda i namnet åt kongen og forsigla med seglringen åt kongen, kann ikkje verta avlyst.

9So vart då med ein gong skrivarane åt kongen kalla i hop - det var tri og tjugande dagen i tridje månaden, sivan månad - og dei skreiv heiltupp soleis som Mordekai sa fyre, til jødane og til jarlane og landshovdingane og fylkesstyrarane frå India og til Etiopia - hundrad og sju og tjuge land - til kvart land i den skrifti dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala, og til jødane og i deira eigi skrift og i deira eige mål.

10Han skreiv i namnet åt kong Ahasverus og forsigla med seglringen åt kongen. So sende han brevi av stad med snøggbod, som reid på tråvarar frå kongens eigne stallar.

11I brevi stod det at kongen gav jødane i kvar by lov til å slå seg i hop og verja livet sitt og til å øyda og drepa og tyna kvar væpna flokk som tok på dei i noko folk eller land, med småborn og kvinnor, og rana eigedomane deira,

12og alt på ein og same dagen i alle landi åt kong Ahasverus, trettande dagen i tolvte månaden - det er adar månad -.

13Ei avskrift av brevet vart kunngjord for alle folki, so bodet skulde verta kjent i kvart land, og jødane den dagen kunde vera budde til å hemna seg på fiendane sine.

14Med det same dette bodet var utferda i Susanborgi, tok bodberarane som reid på dei kongelege tråvarane, radt av stad i strjukande tan, som kongen hadde sagt fyre.

15Mordekai gjekk ut frå kongen i ein kongeleg klædnad av blått purpur og kvitt linan og med ei stor gullkruna på og ei kåpa av kvitt bomullsty og raudt purpur; og Susanbyen jubla høgt og gledde seg.

16Hjå jødane var det no ljos og gleda og frygd og æra.

17Og i kvart land og kvar by, so langt som ordet åt kongen og bodet hans nådde, vart det gleda og frygd hjå jødane med gjestebod og høgtid; og millom dei hine folki i landet var det mange som vart jødar; for det hadde kome på dei ein otte for jødefolket.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Esther 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.