1De born, lyd dykkar foreldre i Herren, for det er rett.
2Æra far din og mor di - dette er det fyrste bodet med lovnad -
3so det må ganga deg vel, og du fær leva lenge i landet.
4Og de feder, arga ikkje borni dykkar, men fostra dei upp i Herrens tukt og påminning!
5De tenarar, ver lydige mot dykkar herrar etter kjøtet, med age og otte, i dykkar hjartans einfelde, som mot Kristus,
6ikkje med augnetenesta, som slike som vil tekkjast menneske, men som Kristi tenarar, so de gjer Guds vilje av hjarta
7og godviljugt tener som for Herren og ikkje som for menneske;
8for de veit at kva godt kvar gjer, det skal han få att av Herren, anten han so er tenar eller fri mann.
9Og de herrar, gjer det same mot dei, so de let vera å truga; for de veit at både deira og dykkar Herre er i himmelen, og han gjer ikkje skil på folk.
10Elles, vert sterke i Herren og i hans veldes kraft!
11Klæd dykk i Guds fulle herbunad, so de kann standa dykk imot djevelens sløge åtak!
12For me hev ikkje strid mot blod og kjøt, men mot herrevelde, mot makter, mot heimsens herrar som råder i myrkret i denne tid, mot vondskaps åndeher i himmelrømdi.
13Tak difor Guds fulle herbunad på, so de kann standa imot på den vonde dag og verta standande når de hev vunne yver alt.
14So statt då umgyrde um dykkar lend med sanning, og klædde i rettferds-brynja,
15og umbundne på føtene med den tilbunad til strid som evangeliet um freden gjev.
16Og tak attåt alt dette tru-skjolden, so de med den kann sløkkja alle gloande piler frå den vonde,
17og tak frelse-hjelmen og Andens sverd, som er Guds ord,
18medan de alltid bed i Anden med all bøn og påkalling og er årvakne i det med all trott og bøn for alle dei heilage,
19og for meg med, at det må verta gjeve meg ord når eg opnar min munn, so eg med fritt mod kann kunngjera løyndomen i evangeliet,
20den som eg er sendebod for i lekkjor, at eg må tala med frimod um han, soleis som eg bør tala.
21Men so de og kann få vita um mitt tilstand, korleis det gjeng meg, skal Tykikus fortelja dykk alt, han den kjære bror og true tenar i Herren,
22som eg just difor sender til dykk at de skal få vita korleis det er med oss, og at han kann trøysta hjarto dykkar.
23Fred vere med brørne, og kjærleik med tru, frå Gud Fader og Herren Jesus Kristus!
24Nåde vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus med uforgjengeleg kjærleik!